Urolog Marius Langballe Dalin – og resten av MDG si stortingsgruppe – er i ein særs «delikat» posisjon i Stortinget både 12. og 24. februar.

Meir om det seinare – styret i Helse Førde vedtok altså 29. januar å leggja ned ortopedien i Lærdal og flytta den til Førde. Då fekk ordførarane i Årdal, Lærdal og Aurland «vaksenkjeft» frå mellom andre styremedlem Arne Johannessen – for at dei kanskje vil ut av Helse Førde. Her er litt vaksenkjeft attende:

Ei kjerneoppgåve for ordførarar er å lytta til innbyggjarane. Johannessen sa i styremøtet at han les alt som blir skrive om saka. Då må han ha fått med seg at mange sogningar no vil til Voss eller Haukeland i staden for Førde.

Folkeviljen i desse kommunane er å byta helseføretak. Då ville det vore tenesteforsømming av ordførarane å ikkje vurdera det. Noko Johannessen & co. bør vita og forstå.

For det andre: sjølv om det ikkje er fritt helseføretaksval er det fritt sjukehusval, ein rett som ligg an til å bli styrkja. Og dette er ein grunnleggjande mekanisme i helseføretaksmodellen.

Som kjent går modellen ut på å driva etter marknadsøkonomiske prinsipp. I marknadsøkonomi er konkurranse den sentrale drivaren – di betre bedrifter er på pris, kvalitet, marknadsføring, omdømebygging og tilgjengelegheit, di betre går dei som regel. Fordi det er desse parametrane kundane handlar utifrå.

I kvasimarknaden helseføretaka opererer kan ein ta vekk pris og marknadsføring. Dermed blir kvalitet, omdøme og tilgjengelegheit enno meir avgjerande for kva sjukehus pasientane vel.

Helse Førde øydelegg no omdømet sitt blant mange sogningar med denne prosessen. Då er det heilt i tråd med meininga bak helseføretaksmodellen at me byter ut Førde med Voss og Haukeland. Då er me «mønsterpasientar» i helseføretaksmodell-samanheng.

For om pasientane ikkje tok medvitne val av sjukehus og nytta denne «marknadsmakta», ville ikkje sjukehusa/helseføretaka ha konkurranseinsentivet fritt sjukehusval skal skapa. Insentivet som igjen skal føra til «meir helse for pengane». Mykje av (det teoretiske) poenget med modellen ville vera vekke.

I hovudsak «følgjer» pengane pasienten til helseføretaket der behandlinga skjer. Ein stor auke i pasientar frå Sogn som heller vel Voss eller Bergen vil tyda lågare inntekter for Helse Førde. So vidt eg forstår av 2026-budsjettet til føretaket tek dei ikkje høgde for denne nærast sjølvsagde effekten. Det vil tyda nye budsjettsmellar utover året.

Den røynda går Helse Førde inn i med opne augo. Men sjølv om det i praksis er Førde sentralsjukehus som tapar pengar i dette scenarioet – ikkje Lærdal sjukehus – har det siste halve året lært oss at slikt går utover lokalsjukehusa. Sentralsjukehuset og administrasjonen skal vernast for alt det er verd.

I tillegg er det ein heil del kortare og ferjefritt til Voss kontra Førde frå denne sida av Sognefjorden. Voss sjukehus har det som Helse Førde har kutta i Lærdal dei siste dryge ti åra – fødestove inkludert gynekologi, og no ortopedi. Og det er ikkje lenger til Bergen enn at me like godt kan reisa dit når me først må langt for å få helsetenester.

Voss er også det næraste akuttsjukehuset (Det er ikkje Førde, sjølv om fagdirektør Asle Kjørlaug i Helse Førde påstod det i innlegget der han skulda Lærdal kommune for faktafeil). Og den blir desto viktigare for tryggleiken i Indre Sogn framover.

Pasientflukta som ligg an til å koma i Helse Førde no vil kunne gjera føretaket så marginalisert at det knappast blir økonomisk og organisatorisk forsvarleg å halda kunstig liv i. Nærast uavhengig av kva Årdal, Lærdal, Aurland og Vik gjer som kommunar.

Då er det heilt opplagt at ordførarane i desse kommunane ser mot Voss/Bergen og/eller på heile Vestland som eitt føretak. Ikkje fordi me er naive og trur det vil trylla fram att ein ortopedi i Lærdal, eller liknande. Men fordi at når ein ser vekk frå føretaksgrensene er dette uansett den «naturlege», kortaste vegen, og styrkja band ditover bidreg til større tryggleik.

Så til MDG. Kirurg og urolog ved Førde sentralsjukehus, Langballe Dalin, kom inn på Stortinget frå Sogn og Fjordane som utjamningsmandat. Han er partiet sin helsepolitiske talsmann, og mykje tyder på at han i stor grad styrer den praktiske helsepolitikken til MDG på tinget.

Mellom anna var det han som kom med eit motframlegg då Sp fekk med seg mange andre parti på å stoppa demonteringa av lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane i haust. Men Ap og Høgre vart med på motframlegget til Dalin/MDG og vann, med ei røyst.

Nyleg gjekk kvintetten Frp, Raudt, SV, Sp og KrF saman i helse- og omsorgskomitéen om ei innstilling til Stortinget som går ut på å fri sjukehusa frå investeringskostnader og rentebyrda deira. Slike kostnader er Helse Førde si grunngjeving for kutta dei no har vedteke.

12. februar skal Stortinget handsama denne innstillinga, men ifølgje Nationen ser det ut til at Ap, Høgre og MDG vil røysta mot.

Nationen viser til følgjande punkt i MDG sitt partiprogram:

  • «Sikre tilstrekkeleg og langsiktig ressurstilgang for å oppretthalde tilgjengelege og kompetente lokalsjukehus i hele landet.»
  • «Erstatte helseføretaksmodellen med ein forvaltningsbasert modell slik man har gjort i f.eks. Skottland, og dermed sikre ein god kombinasjon av fagleg leiing og politisk styring.»

Då er det løftebrot viss MDG står saman med Ap og Høgre i sakene no 12. Feb., og deretter saka 24. Feb. om reversering av kutta ved lokalsjukehusa her.

So – kvifor? Er det Langballe Dalin og hans bakgrunn frå «helseføretaksland» som gjer at MDG eventuelt har snudd heilt om helsepolitikken sin? Så dansar resten av MDG dansar etter hans pipe? Eller ligg hestehandel med Ap og Høgre bak?

Uansett bakgrunn – vil MDG altså vera eit slikt parti? Eit parti som bryt sitt eige partiprogram på fleire punkt under eit halvt år etter valet? Eit parti som røyster ned saker som skal betra økonomien i og tilgangen til den viktigaste velferdstenesta me har – helsetenesta?

Eit parti som svingar partipisken så alle må røysta likt? For eg er overtydd om at ikkje alle MDG-, Ap- og Høgrerepresentantane er samde i desse sakene. Ap og Høgre fryktar eg er for inngrodde til å løysa opp i den udemokratiske partipisken, men eg trudde verkeleg betre om MDG.

Eg slit også med å sjå føre meg at dette er i takt med synet til den jamne MDG-veljar. Og eg lurer på kor mykje som blir att av MDG mot neste stortingsval viss det er slik dei skal halda på.

For no kjem altså den eine saka verre enn den andre om økonomien i spesialisthelsetenesta rundt om i landet. I Stavanger måtte dei først opna eit halvt nytt sjukehus fordi dei ikkje hadde råd til resten. Eit par veker seinare byrja dei å riva vegger mellom einerom i den nye delen fordi desse var for dyre i drift. Det er jo totalt molbu.

Om lag same dag sa klinikksjefen ved Ålesund sjukehus opp fordi ho berre klarte å finna sparetiltak på 30 millionar. Ho hadde fartstid ved sjukehuset på nesten 40 år og meinte ytterlegare kutt ville vera uforsvarleg overfor pasientar og tilsette. Adm.dir. i helseføretaket kravde at ho skulle finna sparetiltak på 94 (!) millionar.

I desse sakene vil alltid folk flest koma attende til at det er grelt å sjå direktørar med fleiremillionars årsløner dra ostehøvelen over helsetenestene våre. Berre der har helseføretaksmodellen spelt fallitt.

Ap-nestleiar Tonje Brenna var tøff nok til å koma til Lærdal rett etter Helse Førde-vedtaket. Ho gjekk langt i å innrømma at modellen må endrast, og at ho dermed: «Håpar i framtida at me slepp å ha desse sakene som me ser døme på fleire stader i Noreg».

Det er bra, og eg likar Brenna. Men desto meir snålt blir det at ho og Ap absolutt ikkje vil gje helseføretaka det økonomiske pusterommet Sp/SV/Raudt/KrF/Frp føreslår, slik at ein unngår dei splittande såra som byrjar å bli djupe i mange regionar.

Helseminister Jan Christian Vestre snakkar for tida stort sett berre om helsereforma si. Der skal eit utval i november leggja fram tilrådingar for ein reform. Men slike reformer tek lang tid å innføra. I mellomtida vil såra som byrjar å opna seg i helseregionar rundt om ha vorte til opne, blødande brot.

For å gå nnom Helse Førde att – det som ligg i bordet 12. Feb. er endra finansieringsmodell i to trinn som kjapt vil kunne betra økonomien i føretaka. Kombinasjonen av dette og reversering av nedbygginga i Sogn og Fjordane, vil kanskje gjera Helse Førde «levedyktige» att – for no. Intuitivt skulle ein tru Langballe Dalin omfamna det.

Og når Ap og Høgre verkar urokkelege i desse sakene, er det ufatteleg om ikkje MDG vil vera med på dei andre partia sine framlegg her – desse kan knappast vera upopulære blant folk flest i det heile. For fell dei ned på å bli med kvintetten frå helse- og omsorgskomiteen, vil eit MDG på vippen verkeleg utgjera ein stor skilnad som kan bety veldig mykje for veldig mange.

Les også

Når menn i dress effektiviserer vekk folk i arbeidsklede