Det har no gått ei tid sidan det flaue styremøtet i Helse Førde, og mykje har vore sagt og skrive. Eg har også gjort opp nokre tankar etter denne førestillinga, og dei er ikkje akkurat egna for å få fram gledestårer.
Det gjekk som det måtte gå. Med eit logrande styre, godt taumstyrt av direktøren, fekk leiinga i HF viljen sin.
Sjølv om eg har tablettar mot kvalme liggande, valde eg å ikkje følgje styremøtet «live». Men eg har fått meir enn nok gjennom ulike referat frå møtet, eit møte som vel må vere eit skrekkeksempel på direktørstyre og handlingslamming frå dei som er valde til å ivareta helsetilbodet vårt.
Men endeleg skal leiinga i HF bli kvitt den avdelinga, som i mange år har fått så mykje positiv omtale, at det truleg har gått dei på nervane. Ortopediavdelinga ved Lærdal sjukehus skal no til Førde! I tillegg skal skadepoliklinikken leggast ned.
HF-veteran Rune Arild Larsen sa det slik i SA: «Det var Førde som måtte få ortopedien!»
Orda «måtte få» greip meg slik at eg ein augneblink fekk medkjensle med stakkarane i Førde. Det høyrdest ut som at no skal ein svolten stakkar endeleg få mat!
Men så kom eg på kva som sto i ein kommentar på FB-sida til SA: «Tek dei noko, så tek dei alltid det beste», og då gjekk anfallet av medkjensle fort over. For sanninga er vel at Førde Sentralsjukehus veks seg stort og feit gjennom økonomisk vanstyre, og ved å ha sugerøyr inn i lokalsjukehusa.
Direktørane i helsevesenet har fått så stor og eineveldig makt, at dei faktisk kan øydelegge helsetilbodet for heile landsdelar utan at ansvarlege styresmakter grip inn. Dette er eit klart brot på dei demokratiske idear og prinsipp landet vårt skal styrast etter, og minner ikkje lite om diktatur.
Så skal dei trøyste Lærdal med nokre deltidsoppgåver, som erstatning for dei 40 – 50 arbeidsplassane som går tapt, og for tapet av dei viktige landsomfattande oppgåvene som har vore utførde på utmerka vis i Lærdal i mange år. Men framlegget til nye oppgåver er vagt og upresist, og neppe berekraftig, og blir nok fjerna i neste runde med innsparing.
Denne nyetableringa må vel også koste pengar, kanskje like mykje som dei trur dei sparar på nedlegginga i Lærdal? Kanskje blir deler av det stansa alt før det er etablert, på grunn av økonomien?
Av erfaring veit vi korleis stegvis nedbygging av sjukehus brukar å bli gjennomført.
Kva så med helseberedskapen etter dette vedtaket? Den ser det ut til å vere heilt gløymd, både fredstidsberedskap, med tanke på lokalbefolkninga og den store vegtrafikken gjennom Lærdal, og planlegging av beredskap for krise- og krigstid.
Gjennom militært og sivilt beredskapsarbeid i omlag tjue år, har eg lært at eit viktig punkt i taktisk planlegging er å spreie ressursane, slik at dei ligg så nær brukarane som mogleg, og på den måten vert mindre sårbare ved skader og tap.
Her er slike tankar og tiltak totalt fråverande, sjølv om Regjeringa fortel oss om den utrygge og farlege situasjonen vi no lever i, og at vi må vere budde på at ufred også kan ramme oss.
Her er det samling i Førde som gjeld, slik at alt kan bli øydelagt på ein gong, om vi på nytt skulle få uvelkomne gjester. Helsevesenet her i landet var nok langt betre budd på slikt besøk i 1940 enn vi er i dag.
Erfaring frå krigen i Ukraina viser nemleg at respekten for helseinstitusjonar er omtrent heilt borte frå angriparen si side. Det gjeld snarare å ramme slike institusjonar med terrorbombing, for å bryte ned motstandskrafta hos befolkninga. Samstundes vil ein bryte ned moralen hos dei stridande styrkane, ved å vise at om dei vert såra i kamp, kan dei ikkje rekne med å få behandling ved sjukehus.
Når Regjeringa godtek at helseberedskapen i landet vert bygd ned på denne måten i dei tider vi no lever i, opptrer dei etter mitt syn uansvarleg. Dei som kan historia si, hugsar at ei regjering frå det same partiet ikkje akkurat viste handlekraft i tida før vi sist fekk ubedne gjester her i landet. Så dette er ikkje noko nytt frå den kanten, og viser at dei sjølve ikkje hugsar, og slett ikkje har lært noko av si eiga historie.
Vestrestadfester at dagens AP-regjering ikkje vil foreta seg noko i saka. Dei reknar med at forretningsføretaket finn gode og solide løysingar, seier dei. Det betyr, på tross av fagre ord og løfte, at dei fråskriv seg alt ansvar for nedlegging av helsevesenet og helseberedskapen i landet.
Ved besøk i m.a. Lærdal 2. februar, seier nestleiar Brenna i AP at ho forstår raseriet over nedlegginga. Elles er det berre vanleg politikarprat, og nye lovnader om at vi kan stole på AP!!
Av det ho og Vestre ikkje seier, forstår eg at AP ser ut til å vere glad for alt som føretaka greier å sentralisere før tilrådinga om ny leiingsstruktur i helsevesenet blir lagt fram mot slutten av året.
Den økonomiske situasjonen i HF er elles i følgje styremedlem Arne Johannesen (SA 31. januar) så alvorleg, at det vil komma nye rundar som er vel så tøffe som den me er i no. Og mellom linjene er det difor ikkje vanskeleg å forstå at dei to lokalsjukehusa vil vere historie om ikkje så lang tid.
Sjeldan ser ein vel som her eksempel på eit styre som berre er til for pynt, og for å heve honorar.
I staden for å nikke burde dei vist handlekraft, og gjort som klinikksjef Elisabeth Siebke ved Ålesund sjukehus: Ho gjekk av som klinikksjef på grunn av dei økonomiske rammene ho har fått.
I følgje oppslag på NRK-nett seier ho: «Jeg klarte ikke som leder å drifte klinikken innenfor de rammene som er tildelt. Da må jeg bare ta hatten og gå. Sånn er det i arbeidslivet.»
Det er ikkje dei som sit stille i båten og nikkar som sørger for positiv utvikling av samfunnet. Det gjer derimot dei iderike og utolmodige, som har visjonar, som ønskjer å få noko til å skje, og som ikkje er redde for å utfordringar. Altså det motsette av det vi har sett frå styret i HF i denne saka.
Ein kan faktisk lure på om dei som sit i styret ikkje har samvit og medkjensle, og at dei difor ikkje bryr seg om følgjene av det dei bestemmer. Eller kanskje gjer høge honorar at dei også har mista bakkekontakten?
Kanskje dei bør lese boka «Verdien av empati i ledelse», KG Stave.
Det hadde vel vore betre at dei i leiinga hadde vorte hugsa som dei som gjorde opprør, og kanskje fekk sentrale styresmakter til å vakne og forstå alvoret i situasjonen, enn for å bli tillagt «æra» for lojalt og logrande å ha rasert restane av helsetilbodet for utkantfolk i Sogn og Fjordane? For utkantfolk er vel dei fleste av oss? I alle fall blir vi det nokså snart no når det gjeld helsetilbod.
Men det blir vel kanskje ikkje så lenge styret får halde fram å heve honorar heller? For når lokalsjukehusa er borte, vil det vel vere slutt på HF? Sjukehuset i Førde vert vel då eit lokalsjukehus under Bergen, som i sin tur kanskje vil starte flytting av oppgåver til Haukeland?
Ser forresten at ordførarane i Sognarådet no også har byrja å tenke slik eg skisserte i mitt innlegg «Med Helse Førde mot det endelege målet» (publisert 17.12.25), når det gjeld framtida til Nordfjord og deler av Sogn i HF.
Vårt siste håp i denne saka er at Kjersti Toppe og Senterpartiet får fleirtal for sitt framlegg i Stortinget den 24. februar, og at regjeringa på den måten vert instruert til å gripe inn og stanse den galskapen, som i regi av Arbeidarpartiet og helseføretaka er i ferd med å øydelegge helsetenesta her i landet.
Det vart gjort av dåverande ministar for helse- og omsorg, Anne-Grete Strøm-Eriksen, då Helse Nord var i ferd med å legge ned viktige funksjonar ved to sjukehus i Nordland.
Men då hadde vi nok ein fagstatsråd med stor ansvarskjensle og handlekraft, og ikkje minst forståing for kor viktig forsvarleg helsetilbodet er for alle, også dei som bur i utkantane.
Det må vi nok erkjenne at vi diverre ikkje har i dag.
Så er spørsmålet om dei to Førde-representantane vil blokkere fleirtalet i Stortinget denne gongen også. Dei er vel villige til å strekke seg langt for at Førde skal få enno meir frå utkantane?
Dersom ikkje eit fleirtal i Stortinget grip inn denne saka, vil det vere endå meir alvorleg, og vise til fulle kor dårleg det no står til med leiarskapen for Kongeriket Noreg.
Som sagt før, håpar eg at dei som skal stemme ved neste stortingsval ikkje har gløymt den «hjelpa» AP-regjeringa har i gitt oss Sogn og i Nordfjord i denne saka.
Det heiter at ein får den leiinga ein fortener, og ein kan ikkje skulde på andre, dersom ein sjølv har vore med å bestemme det gjennom val.