– Me er nervøse, avslører Sigurd Simpson-Larsen, far til Karoline, då me snakkar med han på telefonen under frukosten torsdag morgon.
Det er berre få timar før Vargar-jenta kanskje skal gå sitt livs løp i OL, og stemninga er i ferd med å byggja seg opp for alvor.
Skulle Karoline Simpson-Larsen ta medalje i dag, blir det medalje nummer 100 i OL og VM til vinteridrettsutøvarar frå Voss.

Karoline Simpson-Larsen dagen før løpet. – Ho kjenner seg OK, seier pappa Sigurd.
Foto: Lise Åserud / NTB
– Er litt mildt her nede
– Me er mest nervøse for om det blir like forhold. Det er litt mildt her nede, og Karoline skal starta relativt seint. Me veit ikkje om det blir ei ulempe, seier pappa Sigurd som ikkje heilt klarar å skyva vekk tanken på at det kan bli litt tyngre forhold utover dagen.

VOSSINGAR MOT OL-STADION: Super-Karo sin fanclub er på veg mot 10 kilometer skøyting.
Foto: Privat
Dei er snart på veg oppover mot løypene, og Sigurd reknar med at dei er på stadion to og ein halv time før fyrste løparen går ut.
Starten skjer klokka 13.00, med intervallstart, og løpet går på fjernsyn direkte på NRK.
Han hadde kontakt med Karoline (27) i går, og ho kjenner seg OK.
– Føret og forholda er likevel ting som me ikkje får gjort noko med, så det blir berre å gjera det beste ut av det, kommenterer familiefaren.

VOSSINGANE KLARE: Frå venstre Emilie Hope, Jan Ruben Sleen, Henrik Aas Bergstrøm, Anne Aas, Bjarte Bergstrøm, Skage Storheim og Trond Storheim.
Foto: Privat

VOSSINGAR HEIAR: Bjarte Bergstrøm er berre éin av mange vossingar som er på plass i full supportermundur for å heia Karoline Simpson-Larsen fram i OL.
Foto: Privat
Heil gjeng har samla seg
Saman med mange andre av slekt og vener, opplever han fantastiske dagar under OL i det nordlege Italia.
Her har dei etablert seg ein heil gjeng som har teke turen nedover og gjer seg klare til OL-festen.
Med seg har dei heile storfamilien med kona, syskena til Karoline, og broren til kona med familiar.
Syskena til Sigurd, Randolf og Jannicke er der også med familiar.
Dei har også fått selskap av Trond Storheim og Bjarte Bergstrøm med familiar, i tillegg til Jan Ruben Sleen. Dette er ein gjeng med vossingar som har fylgd kvarandre i ei årrekkje gjennom både ski og fotball.
– Dette blir spennande, seier Sigurd, i ferd med å avslutta frukosten og snart på veg til stadion.

EIT EVENTYR: Karoline Simpson-Larsen (nummer 2 frå høgre) saman med lagvenninnene Kristin Austgulen Fosnæs, Milla Grosberghaugen Andreassen, Ingrid Bergene Aabrekk, Kristine Stavås Skistad og Astrid Øyre Slind.
Foto: Lise Åserud / NTB
– Så heldige som får vera med på dette
– Uansett er dette ei fantastisk oppleving for Karoline, og så er me så heldige som får vera med på det, seier Sigurd som er både takknemleg og ein smule opprømt under den store hendinga.
– Det var litt spesielt då me var ute og åt i går kveld. På nabobordet sat ein heil gjeng med svenskar og diskuterte 10 kilometer skøyting. Og så er me er så heldige at dette er me ein del av, seier Sigurd.
Mange meiner at 10 kilometeren kanskje er Karoline sin beste sjanse til å gjera det heilt store. Det trur pappa Sigurd også. Samstundes trur han det kjem fleire løp i OL etter dette for Karoline.

DAGEN FØR: Mediemøte for 10 km kvinner i Castello di Fiemme. F.v. Astrid Øyre Slind, Karoline Simpson-Larsen, Kristin Austgulen Fosnæs og Heidi Weng.
Foto: Lise Åserud / NTB
– Eg trur ho også får gå femmila. Så håpar eg ho også får gå stafetten, seier Sigurd som saman med kona og familien kjem til å bli i Val di Fiemme til den siste renndagen er over.
I tillegg til å fylgja Karoline, fylgjer familien sjølvsagt også svigersonen Johan-Olav Botn som tok OL-gull på 20 kilometer tidlegare i veka.
Han skal i elden att i morgon, så her går det slag i slag for familien Simpson-Larsen under OL i Milano og Cortina d’Ampezzo.

Les også
Såg kjærasten sitt OL-gull drukna i sjokkintervju: – Veldig spesielt

Les også
Tidleg fall vart skjebnesvangert for Simpson-Larsen i OL-debuten

Les også
Klassekameratar til OL: – Det måtte bli Karoline og Hans-Inge