Førebelse tal for 2025 viser eit underliggande resultat på 1 741 millionar kroner, noko som er 247 millionar kroner betre enn i 2024.
Det melder Eviny i ei pressemelding.
70 prosent av overskotet i Eviny går tilbake til eigarane og fellesskapet i form av utbytte.
– Utbyttet aukar frå i fjor, og Eviny held fram med å vere blant selskapa med høgast utdeling til fellesskapet. Med sunn drift i botnen evnar Eviny å satse offensivt på meir nett, auka kraftproduksjon og lønsam elektrifisering – samstundes som vi sikrar eigarane stabile og høge utbytte, seier styreleiar Karl Erik Kjelstad i pressemeldinga.
Utbyttet skal behandlast på generalforsamlinga 21. mai. Totalt bidrog Eviny med 5,2 milliardar kroner til samfunnet i 2025, mellom anna gjennom skattar, avgifter og planlagt utbytte til eigarane, ifølge pressemeldinga.
Kommunane Fjaler, Sunnfjord, Hyllestad, Høyanger, Gulen og Solund er blant eigarane som får utbytte. Sunnfjord kommune sitt eigarskap på 2,3 prosent gjer at kommunen får 25 millionar kroner av Eviny sitt overskot. For Fjaler er summen 6,7 millionar kroner.
Her kan du sjå alle eigarane:

Les også
I dag kan Stortinget endre finansieringa av sjukehusa

Les også
Heit alko-debatt: Vil nekte VM-skjenking