SV og Raudt stadfestar at dei vil stemme for det nye forslaget frå Ap, om styring av sjukehusa. Høgre stadfestar også at dei støttar forslaget. Dermed blir det fleirtal for det nye Ap-forslaget, skriv Nationen.

– Dette er ein stor siger, først og fremst for pasientar og tilsette. Det er ingen løyndom at Raudt har jobba for dette lenge. Eg er glad for at vi har klart å presse regjeringa til å gå med på ein ny finansieringsmodell. Det meiner eg er historisk, seier Seher Aydar i Raudt til Nationen.

– Dei forslaga eg på vegner av Arbeidarpartiet legg fram i dag, er forsvarlege og ansvarlege, seier helsepolitisk talsperson i Ap, Truls Vasvik, til NRK.

– Feller nok tårer

Kjersti Toppe i Sp som er helsepolitisk talsperson og leiar i helsekomiteen på Stortinget, er ikkje fornøgd. Ho meiner at det nye fleirtalet no gå inn for eit svakare forslag. Det var Sp, Frp, MDG og KrF som stod bak det opphavlege forslaget om finansiering som hadde støtte heilt opp til onsdag kveld.

– Mange av Raudt og SVs veljarar feller nok tårer i dag. Vi var klare til å skape fleirtal i Stortinget for eit heilt klart forslag om ein ny finansieringsmodell, der drift og investering skilst. No skal dette berre greiast ut. Det er utruleg at Raudt og SV går saman med Ap og Høgre som forsvarer dagens helseføretaksmodell, og at forretningsrekneskapen han byggjer på, kan førast vidare, seier ho.

Blir behandla i dag

I dag er det sjukehusa sjølv som må ta opp lån og ta kronene frå eigne budsjett når nye investeringar skal gjerast. Forslaget blir behandla i Stortinget torsdag klokka 16.

Forslaget dei fire partia stemmer for, er at Stortinget ber regjeringa leggje fram forslag til ein ny heilskapleg finansieringsmodell for sjukehus som sikrar at sjukehusinvesteringar ikkje skal gå ut over drifta av sjukehusa.

Stortinget ber om at minst eitt av alternativa som blir lagde fram, inneber å skilje drift og investeringar, at nye sjukehusbygg skal vedtakast av Stortinget og heilt eller delvis blir finansierte over statsbudsjettet.

(©NPK)