Nordfjordingen kom inn som nummer åtte over målstreken på sprinten fredag ettermiddag.
Han måtte gjennom ein strafferunde på liggande skyting, og enda 58,2 sekund bak vinnaren Quentin Fillon Maillet frå Frankrike. På andre skyting blei det full klaff, men det var ikkje nok til å hente seg inn att, då han hadde hamna langt bak.
Sølv og bronse gjekk til Norge; Vetle Sjåstad Christiansen og Sturla Holm Lægreid. Lagkameraten Johannes Dale-Skjevdal hamna i midten, på 6. plass 43 sekund bak Maillet.
Sprintresultata set rekkefølga for jaktstarten søndag. Den kan du følge på NRK frå 11:15.

Les også
Botn frå Nordfjord tok OL-gull

Les også
Utrubeskjed stal rampelyset: – Heilt feil tid og stad