(RA Stavanger)

Stefan Kunnas er ein av eigarane av badstove-drivaren Book Sauna. Han fekk seg ein kjedeleg start på søndagen.

– Eg blei ringt i dag tidleg litt før klokka 7. Dei fortalde at det hadde brent i ein sauna på Hundvåg, fortel han til RA Stavanger.

Book Sauna har fleire badstover i bydelen, og i ein stund såg det dårleg ut.

– Det er ikkje fare for spreiing til busetnadene rundt, men brannen kan spreie seg til ein annan badstove, meldte operasjonsleiar i politiet, Rune Tallaksen klokka 06:34.

Etter kvart fekk dei kontroll på brannen. Dei andre badstovene klarte seg, men det gjekk dårlegare med badstova Otto «den bortviste».

– Den er heilt nedbrent, seier Kunnas.

Braut seg inn i natt

Ein av dei tilsette stengde saunaen med hengelås litt over klokka 22 i går.

I dag var hengelåsen vekke, nøkkelen til hengelåsen vekke, og døra til saunaen var open. Nøkkelen var eigentleg i ein nøkkelboks, som i dag var tom.

– Nokre har vore her i natt eller i dag tidleg. Nokon må ha visst om koden, eller brekt opp nøkkelboksen.

No skal han undersøke båthamna i nærleiken for å sjå om nokre av båtane har kamera som kan ha fanga syndarane.

Trass i dramatikken, har ikkje Kunnas veldig høg puls.

– Ingen er skada, og det skjedde på natta, så dette er ikkje noko traumatisk. Men det er jo ubehageleg at det har vore folk i saunaen i natt.

Det ryk framleis frå badstova søndag morgon.
Foto: André Jonassen

Startar opprydding

Dei andre saunaene firmaet har på Hundvåg er enno i fin stand.

– Saunaen står for seg sjølv. Han står på ein flytebrygge som det er ein del skader på, den er nok òg øydelagt.

Oppryddinga startar alt søndag.

– No får me berre rydde litt opp. Dei flinke brannmennene sløkker det heilt, så får me berre tatt og fjerna det. Så får me ete nokre fastelavnsbollar undervegs.

Den gamle badstova må fjernast før dei får inn ein ny.

– Må saunaen omdøypast til Otto den bortkomne?

– Hehe, Otto den nedbrente. Me får sjå på namn når me får ein ny.

Politiet har oppretta sak.

Hopp over karusellen.