Gulating lagmannsrett har avvist Nordic Mining sitt andre forsøk på å stanse rettssaka om mellombels forbod mot deponering av gruveavfall i Førdefjorden.

Det kjem fram i ei pressemelding frå Naturvernforbundet.

Avgjerda kjem éi veke etter at retten avviste eit liknande krav frå gruveselskapet.

«Etter lagmannsrettens syn er det imidlertid ikke hensiktsmessig å stanse forføyningssaken. Lagmannsretten viser til at hensikten med en forføyningssak nettopp er å få en midlertidig avgjørelse i påvente av at et hovedkrav skal avgjøres», skriv retten i si avgjerd.

Saka har vore behandla i Sogn og Fjordane tingrett, som dømde i favør av gruveselskapet, men blei seinare anka til Gulating lagmannsrett av motparten. Forsøket til Nordic Mining på å stoppe anken førte ikkje fram, og saka har fått startdato 23. februar.

Årsaka til at Nordic Mining har gjort forsøk på å sleppe ein ny rettsrunde, er knytt til Førdefjord-saka mellom staten og miljøbevegelsen som snart skal opp i Høgsterett.

Hovudsøksmålet kjem til Høgsterett 27. april.

No vil altså Nordic Mining måtte møte naturvernarane i retten 23. til 27. februar i Bergen.