Gulating lagmannsrett har for andre gong avvist gruveselskapets forsøk på å stanse rettssaka om midlertidig forbod mot deponere gruveavfall i Førdefjorden.

Kjenninga kjem berre ei veke før rettssaka startar i Bergen.

Gruveselskapet Nordic Mining og staten gjorde 11. februar eit nytt forsøk på å stogge rettens behandling av saka, berre ei veke etter at Gulating lagmannsrett 4. februar avviste eit liknande forsøk. Miljøorganisasjonane har bede om midlertidig stans i gruvedumpinga til hovudsøksmålet er avgjort av Høgsterett.

Fredag avviste lagmannsretten også dette andre forsøket. I kjenninga heiter det at det ikkje er hensiktsmessig å stanse forføyningssaka, og at hensikta med ei slik sak nettopp er å få ei mellombels avgjerd i påvente av at hovudkravet skal avgjerast.

Sigrid Hoddevik Losnegård, leiar i Natur og Ungdom, seier dei er glade for at gruveselskapet og staten ikkje kom nokon veg med forsøket.

– Nordic Mining har allereie dumpa fleire hundre tusen tonn med gruveavfall i Førdefjorden, og det hastar no med å få stogga øydelegginga av den viktige botnfaunaen i denne uvanleg artsrike fjorden, seier Hoddevik Losnegård.

Saka om mellombels forføyning blir handsama i Gulating lagmannsrett i Bergen frå 23. til 27. februar. Hovudsøksmålet kjem til Høgsterett 27. april i år.