– Festivalen har sett bygda på kartet og den har skapt aktivitet. Det har vore utruleg kjekt og tilbakemeldingane har berre vore positive, men slik stoda er per i dag kan vi ikkje sette i gang med ny festival, fortel Svardal.
Han har hjarte sitt bygda ingen tvil om det. Å få invitere til festival med livemusikk og allsong inn i sommarnatta har fått god respons, men no må han og dugnadsgjengen i Stavang ta ein tenkepause.
Kampen mot vêret
Svardal fekk booka Lothepus til det som blei tidenes haustfest i 2018. Seinare blei det større scenerigg, og både Stage Dolls og bandet Ingenting samla rundt 600 publikumarar, trass eit svært fuktig sommarvêr dei to siste åra.
Kaiene blei fylt opp med båtfolk og bubilane rulla til Stavang for ei minnerik festivalhelg.
Oppskalering har sin pris, med større budsjett og høgare risiko. Utandørskonsertar på Vestlandet er utan tvil økonomiske risikoprosjekt.
– Kostnadane med å arrangere festival i sentrum av Stavang, slik vi har gjort dei to siste åra, har rett og slett blitt for høge. Det må vi berre akseptere, sjølv om det er kjedeleg.
Blir det minifestival?
Takke vere lokale sponsorinntekter har dei kome i mål med pluss i rekneskapen. Svardal likar ikkje å måtte kaste korta, og det sat langt inne å melde dette i sosiale medium førre veke.
– Eg veit interessa er stor for arrangementet, og no som vi hadde bra driv, er det synd å måtte gi seg. Allereie før jul kom det førespurnader om båt- og bubilplass, så dette har vore ein bygdefest som mange ønska å vere med på.
– Men det høyrest nesten ut som at du har ein plan B her?
– Nei, eg kan ikkje love noko i stor skala. Eg får heller bygge meg ein platting i hagen og invitere til mini-stavangfestival med maks 100 deltakarar. Det er viktig å skape liv og røre slik at folk får kose seg, smiler Svardal som ikkje har mista humøret, trass litt motbør.

Bildeserie
Lothepus i Stavang

Les også
Steinar Svardal vil gi folk ei urban oppleving av Stavang og fleskar til med Lothepus

Les også
– Vi er strålande nøgde, og no blir eg litt emosjonell merkar eg

Bildeserie
Sjå kven som var på «Ingenting»-kalas i Stavang
Les også
Steinar er klar til å vatne gjestane

Les også
Suksess for Steinar og Stavang-festivalen. – Eg håpa på 100 menneske, det kom 600