I ein artikkel NRK publiserte måndag kveld skriv dei om problematikken.

Før Karoline Simpson-Larsen tok OL-gull i helga fekk ho ei uhyggeleg melding i innboksen. Meldinga vart delt av kjærasten og skiskyttaren Johan-Olav Botn, med fylgjarane hans på treningsappen Strava.

– Viss nokon lurar på korleis det er å vera kvinneleg skiløpar, skreiv Botn då han delte meldinga.

I meldinga ho fekk står det mellom anna at «Du er en person jeg ikke har noe tro på.»

Vidare står det også «Jeg er så drittlei av usunne jenter som holder på med langrenn, og som i en veldig kort periode blir «gode på ski» med spisevegring som utgangspunkt. Ta deg sammen»

og «Slutt å uttale deg om noe som helst før du har blitt normalt sunn, spiser sunt og vinner skirenn over tid. Den tiden tror jeg faktisk ikke kommer»

Til NRK seier Simpson-Larsen ho fekk ei veldig stygg melding som ho ikkje skjønte nokon ting av.

– Men det var så stygt at eg ikkje tok meg nær av det i det heile tatt. Men at folk kan skriva sånne ting, er berre sjokkerande.

NRK har vore i kontakt med vedkomande som sende denne meldinga, som ikkje ynskjer å kommentera ho.

Kjærasten Johan-Olav Botn delte skjermdump av meldinga på Strava.
Foto: Privat

Vargar-løparen er ikkje den einaste kvinnelege utøvaren som har fått hets.

Svenske Johanna Hagström tok til tårene etter ho hadde sjekka telefonen etter OL-sprinten, og den polske skihopparen Pola Beltowska skal ifylgje polske medium ha motteke ei rekkje trugslar og hatmeldingar.