Like før klokka 8 tysdag morgon hamna ein hjort i frontruta på ein bil mellom Furubergtunellen og Kjevikdalen på Fv 57.

– Eg såg hjorten i kvitauge. Det var sjuke greier, seier føraren av bilen, til NH.

Han var på veg mot Mongstad då hjorten plutseleg hoppa ut i vegbana og trefte venstre delen av frontruta.

– Hjorten sprang vidare, men det er materielle skadar på bilen, melde operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

Heile venstre side er skada. Korleis det går med hjorten er uvisst.
Foto: Kasper Valestrand

Føraren fekk raskt stoppa bilen og parkert på sida av vegen. Viltnemnda har vore på staden, men kvar hjorten er no er det ingen som veit.

– Vi er nok begge fulle av adrenalin no, både eg og hjorten.

Etter samanstøyten stoppa ein sjåfør frå Nordhordland taxi, som såg til at alt gjekk bra og hjelpte til med varsling. Trafikken går som normalt forbi staden.

– Det var litt av ei morgon dette, seier føraren og opplyser at han ikkje har noko fysiske skader, men at han vurderer å ta ein tur til legen for sikkerheitsskuld.

Bilbergar er no på staden.