Det vart nyleg gjort eit historisk feilgrep.

Sp og Frp ville saman med KRF og MDG skilje investeringar og drift med ein ny finansierings modell for sjukehus. Dei ville at nye utbyggingar skal finansierast av Staten. Dei ville og at dei statlege låna skulle vere rentefrie for helseføretaka inntil ny finansieringsmodell er vedteken.

Fleirtalet stemte imot og dei vedtok å forsvare dagens helseføretaksmodell der helseføretaka skal betale renter av låna. Dei ville setje ned komité for utgreiing som tidlegast kan kome med svar neste haust.

Forslaget som fall var ei ordning som kunne redde Lærdal Sjukehus.

Legar i Førde har vore ute og sagt at det er berre rimeleg at Førde skal ha Ortopedien.

For ordens skyld: Dei har alltid hatt ortopedien.

Det har seg slik at det var lange ventelister for skulder, kne og hofte – operasjonar i Førde fordi dei ikkje hadde nok kapasitet.

Då måtte Nordfjord og Lærdal trø til, og det med stor suksess.

Sidan det er fritt sjukehusval her i landet så hadde Lærdal mange gjestepasientar frå Finnmark i nord til Kristiansand i sør – mykje takka Truls Jellestad sitt gode rykte.

Desse pasientane måtte dei andre helseføretaka betale for så det genererte gode inntekter til Helse Førde og slik at Lærdal sjukehus har hatt grøne tal i budsjetta.

Korleis skal Førde sjukehus kunne auke produksjon tilsvarande det dei legg ned utan å auke utgiftene til personale og kor vil dei finne desse folka?

Om Helse Førde legg ned ortopedien i Lærdal for å betale renter for nybygget i Førde i år, kva skal då leggjast ned neste år for å betale rentene då?

Laboratoriet? Røntgen? Fysioterapi?

Var på ein Veteransamling sist helg og vart forbausa over at Forsvaret ikkje er informert om at den livreddande funksjonen (ikkje enkelt for ein anestesilege å stette den oppgåva åleine) vert nedlagt i Lærdal.

Forsvaret har beredskapslager i Lærdal som del av samfunnstryggleik.

Om anestesisjukepleiarane i Lærdal ikkje har vaktberedskap så finst dei fysisk der i dag. Om arbeidet ikkje lenger finst så vel folk å flytte.

I mange år har Lærdal strevd med å ha nok faste spesialsjukepleiarar og har endeleg ein fast stab. Nedlegging vil føre til at høgutdanna personale vil flytte til andre store byer -særleg mot Austlandet der løna er høgre. Og med dei flyttar familien og.

Heile samfunnet blir ramma.

Så ei siste bøn til Helse Førde styret:

Det er ikkje skam å snu – be Staten om nye pengar og la Lærdal og Nordfjord sjukehus overleve.

Retting: I ei tidlegare utgåve av dette innlegget stod det at Miljøpartiet dei grøne (MDG) ikkje støtta forslaget om å endra finansieringsmodellen. Dette er feil. MDG stilte framlegget saman med Krf, Sp og Frp. Rettinga var gjort klokka 16.49.