– Det er heilt fantastisk. Responsen har vore heilt sjuk, seier Bakke.
No legg nittenåringen frå Frekhaug alt anna til sides for å satsa på musikken.
Sidan han flytta åleine til Bergen i fjor, har han produsert både eit album og fleire singlar med andre bergensbaserte musikarar. Men at singelen som kom ut 30. januar i år skulle få ei så god mottaking, hadde han ikkje trudd.
– Passar til alle type humør
Bakke har saman med artisten Sander Systad og Sebastian Hellesøy på piano gjeve ut songen «Klandre deg». Han fortel at songen handlar om eit kjærleiksbrot, der ein kjenner seg vekke, men at ting vert bra att.
Bakke ønskjer at lyttaren skal få ei godkjensle, sjølv om låten tek for seg tunge tema.
– Den passar til alle typar humør.
Kanskje er det nettopp denne kombinasjonen som har gjort at låta har fått ein så god respons.
– Det kan hende, og eg er veldig takksam for å ha fått så god mottaking.

Liam Bakke ønskjer å drive på med musikk resten av livet. – Det er min tryggleik, seier han.
Foto: Privat
Gløymer det tunge
For Bakke er musikken meir enn berre ein jobb, det er fristaden hans der alt anna vert gløymd.
– Det er ein tryggleik for meg, og det er slik eg viser kjensler. Livet går opp og ned, difor er det godt å få hovudet fokusert på andre ting. Då gløymer ein det tunge.
Medan andre ofte har ein serie, eit spel eller ein film å finne tryggleik i, har Bakke funne musikken.
– Eg viser fram humøret mitt i ulike «beats», og slik kan ein gjere musikken meir personleg, fortel produsenten.
– Berre kødda oss rundt
Frekhaug-guten og Sebastian Hellesøy har stått for musikkproduksjonen av songen, og fortel at det heile vart til på eit tilfeldig vis.
– Me berre kødda oss rundt eit par gongar, utan at det vart til noko.
Då dei gjekk saman i studioet ein fjerde gong, fall brikkene på plass for trioen.
– Det var heilt sinnssjukt.

Sander Systad frå Bergen har skrive teksten til songen.
Foto: Pressebilete
Det skulle likevel ta lang tid før trioen kunne seia seg ferdig med låta. Til saman reknar Bakke at det tok om lag eit halvt år å gjera han heilt klar.
– Alt måtte vere perfekt. I kombinasjon med litt overtenking tok det meir tid enn planlagd.
Nytt album?
Nittenåringen fortel at samarbeidet har vore som ein draum. Både tekstmessig med Sander Systad, og Sebastian Hellesøy med talent på piano.
– Systad legg sjela si i tekstane, og han er ein utruleg genuin person.
Bakke opnar opp for at det kan verta fleire samarbeid med Systad i framtida.
– Kanskje kjem det eit nytt album også, kven veit.