Mykje snø skapar litt utfordringar langs vegnettet onsdag morgon. Og rv. 5 mellom Florø og Førde har peika seg ut som ein versting.

– Vi har fått ein del klagar på denne strekka, seier trafikkoperatør Jahn Audun Marøy.

Snømengda har gitt ein travel start på dagen for brøytemannskap rundt om i regionen vår.

– Vi har vore i kontakt med svært mange brøytebilar. Dei er ute alle mann og gjer så godt dei kan! Men dei kan ikkje vere over alt til ei kvar tid, seier han.

Han oppmodar difor trafikantar til å vere tolmodige, rekne god tid og køyre etter forholda.