Onsdagen startar med snøvêr og lyden av brøytebilar.
– Me har fått meldingar frå heile Vestlandet. Alle mannskap er ute og brøytar, seier Jan Audun Marøy, operatør på Vegtrafikksentralen.
Snøvêret pågår enno, men ifølgje Yr er det ikkje venta store mengder i Indre Sogn.
– Folk må køyra etter forholda, seier Marøy.
Det er ikkje meldt om spesielle hendingar i indre strok enno. I Sunnfjord har det skjedd eit trafikkuhell på Holsavegen utanfor Førde, der det er meldt om glatt veg.
Her kan du sjå status for fjellovergangane: