Etter ein lengre nedbørsfattig og iskald periode, har vi no gått over til ein meir mildare og skiftande vêrtype.

Denne veka har både høgt og lågt fått ein solid dose snø, og ifølge vêrvarslinga kan vi vente oss meir.

10–15 centimeter snø

Geir Ottar Fagerlid er vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Han opplyser at fredag blir ein ny dag med kvit nedbør. Mot slutten av dagen kan det derimot gå over til sludd og regn i låglandet.

– Det er særskild ute ved kysten at delar av nedbøren mest truleg vil kome som sludd og regn. Jo lengre inn i landet, jo større sannsyn er det for snø.

I indre strok kan ein vente seg 10–15 centimeter med snø fredag, dersom det ikkje blir regn, opplyser han.

Temperaturen på dagtid vil ligge på mellom 0–2 plussgrader. I kystlege strok kan ein også vente ein del vind denne dagen, og det kan blåse opp i full storm utsette stader.

Snøfallet dei siste dagane har gitt gode høve for vakre landskapsbilde.
Foto: Erik Hovland

Utfordrande vegforhold

Laurdag er venta å bli ein dag med opphaldsvêr og stigande temperaturar, med opp mot fire-fem plussgrader på dagtid.

Derimot blir det ny runde med nedbør søndag. Då vil dagen starte med sludd og snø i indre strok, deretter er det venta regnbyer utover ettermiddag og kveld. I fjella blir det truleg snø.

– Det blir veldig skiftande framover. Snø og overgang frå kulde til mildvêr kan nok gi utfordrande køyreforhold og glatte parti visse stader. Så det bør ein vere obs på.

Spesielt fredag og søndag peikar seg ut som dagar der køyreforholda kan bli krevjande, åtvarar meteorologen.

Natt til måndag er temperaturane venta å søkke igjen, noko som også kan gi glatte parti utsette stader først på dagen.

Bildeserie

SJÅ BILDA: Finvêret onsdag