Meteorologisk institutt ber folk om to ting utover fredag ettermiddag og kveld:

Bruk broddar eller piggsko, og ta det roleg i trafikken.

Mildvêret gjer at mykje smeltar, men dette legg seg fort som spegelglatt is på vegen og på gangvegane.

I tillegg er det sett opp oransje farevarsel heile fredagen, altså «betydeleg fare», for snøskred i «region Indre Fjordane».

Det inkluderer Førde og innover.

Problemet skuldast vedvarande svakt lag (flakskred) og fokksnø, melder meteorologane.

Les også

Skiftande vêr: Meteorologen ber reisande vere varsame