– Me har fått flest meldingar frå ytre deler av Sogn og lengre nord i Sogn og Fjordane, seier trafikkoperatør Nina Heggernes.

Vêromslaget som var meldt har ført til vanskelege køyretilhøve fleire stader i Vestland. Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for isete vegar. Faren er venta å avta laurdag ettermiddag.

– Det har teke til å roa seg med meldingar no. Mannskapa har vore ute heile tida, men det er krevjande å halda ved like når regnet frys på kald bakke, seier Heggernes.

Laurdag føremiddag køyrde ein personbil i fjellveggen på riksveg 5 ved Naustdal. Det skal ha vore svært glatt på staden. Føraren vart sendt til legevakt for sjekk.

– Ein må køyra etter forholda, særleg på sidevegane. Det kan vera glatt rundt neste sving. Køyretilhøva er venta å bli betre utover dagen, men det kan framleis vera glatt, så ein bør framleis vera varsam, oppmodar Heggernes.

Les også

Sender ut farevarsel: – Må vera forsiktige 

Les også

Dette er skrekkpunktet på vegnettet: – Eit ekstremtilfelle