MDG sin representant for Sogn og Fjordane, Marius Dalin, varslar at han vil godta kutt i sjukehustilbodet i fylket han representerer.
Framfor å nytte makta han har som stortingsrepresentant til beste for fylket, så lagar Dalin unødvendige motsetningar. Han hevdar at berre ved å kutte ved lokalsjukehusa kan helsetilbodet ved Førde Sentralsjukehus sikrast. Dette stemmer ikkje og Dalin står i posisjon til å sikre både Førde og lokalsjukehusa.
Visjonane til MDG og AP er fine, men det er kutt i tilbod og mangel på finansiering som er den aktuelle problemstillinga.
Dessutan har folk i Nordfjord og Sogn høyrt slike visjonar før.
Etter nedlegginga av kirurgisk avdeling ved Nordfjord sjukehus vart rapporten «Framtidas Lokalsjukehus» lagt fram i 2017. Nordfjord skulle vere førgangsmodell for små lokalsjukehus. Det skulle leggjast til rette for eit bredt poliklinisk tilbod, men etter kvart er tilbodet innanfor gynekologi, revmatologi og barn avvikla.
I sist nedleggingsrunde for berre 2 år sidan vart skadepoliklinikken ved Nordfjord sjukehus redda ved at saka fekk stor politisk merksemd.
Dalin hevdar at kuttforslaga er «fagleg føreslåtte innsparingar», men i realiteten er dette reine økonomiske innsparingar for knappe 30 millionar. Dalin hevdar at dersom ein ikkje kutter i Lærdal, vil det bli verre kutt på andre område i Helse Førde.
Kva er det då han siktar til? Han framstiller det som om det står mellom å redde eit utslite kne og eit prematurt barn. Men det er ikkje dette det handlar om. Oposiasjonen sitt forslag dreier seg om at endringar i sjukehusdrift som har samfunnsmessige konsekvensar ikkje skal vere opp til helseføretaket åleine å avgjere.
Ei slik avgjere skal etter Helseforetakslova avgjerast politisk. Ingen er heller usamd i at ein frå tid til anna må justere på tilbodet ved lokalsjukehusa ut frå omsyn til beredskap, demografiske endringar og kvalitet.
Lokalsjukehusa sin viktigaste funksjon er å skape trygge, gode helsetenester for vanlege problemstillingar der folk bur. Det finst ei grense for kor langt folk kan akseptere å reise for å få naudsynt helsehjelp. Når sjukehusa skal bli betre rusta til å handtere samfunnsberedskap og kriser hjelper det ikkje å byggje ned velfungerande fagmiljø.
Per no står opposisjonen sitt forslag fram som det beste for å sikre helsetilbodet i distrikta. Forslaget har brei politisk støtte og MDG er i posisjon til å avgjere forslaget.
Stortingspolitikarane har ei viktig rolle ved å leggje til rette for og ettersjå at grunnleggjande tenester fungerer. Når fleire helseføretak hamnar i økonomisk uføre som følgje av nye investeringar, er det med rette at Stortinget blir involvert.
Klarar du å byggje alliansar og sikre midlar til beste for fylket, Dalin?