– Det skal vera om lag ein meter høgt og har gått i Ygnisdalen, seier Tore Evensen ved Vegmeldingssentralen vest til Sogn Avis.

Evensen fortel at ein bil skal ha køyrd inn i skredet, men at det ikkje skal vera noko dramatikk knytt til hendinga.

– Det skal ha gått bra med både personar og bil og den er no slept ut att av snøfonna.

Sjølv om ikkje skredet er av det største vil det ta tid for å få opna vegen att.

– Det vert no sett i verk førebyggjande snøskredkontroll, det vil seia at ein skal sprengja ned skavlar som kan forårsaka fleire skred. Når det er gjort skal vegen ryddast før den kan opnast, så det vil nok ta nokre timar, seier Evensen.

Vegen vil då bli open ei stund før det mest truleg vil bli utført nye sprengingar.

– Dei som skal over fjellet må bu seg på at den då vil bli stengt att i ein periode, men me kan ikkje seia akkurat kva tid. Me vil leggja ut oppdaterte vegmeldingar når me har info om både opning og stenging.

Om lag klokka 11 melder Vegmeldingssentralen at fjellet er ope att, men at det vil bli ny periode med stenging seinare i dag.