Det er varsla oransje farevarsel, faregrad 3, som betyr betydeleg snøskredfare.

Varslinga gjeld område i både Indre Fjordane og Indre Sogn.

Ein bør vere spesielt varsam rundt skoggrenser og i område med fersk fokksnø. I låge område kan regn i ny snø gi fare for våte laussnøskred. Det er også moglegheit for fjernutløysing.

ORANSJE FARE: Det er betydeleg snøskredfare både i Indre Fjordane og Indre Sogn.
Foto: Skjermdump Varsom.no

– Oransje farevarsel kjem til å gjelde måndag og dei neste dagane. Etter ein lang kuldeperiode er det flakdanningar i snøen, når det kjem nedbør på desse kan det løyse ut skred, spesielt i kombinasjon med vind. Vårt råd er å unngå skredterreng, seier Jørgen Kvalberg, snøskredvarslar i

Vikafjellet blei tidleg måndag stengt grunna snøskred.

Folk blir oppfordra til å sjekke vegmeldingar om ein skal ferdast langs vegane dei neste dagane.