Vegtrafikksentralen Vest melder at Vikafjellet er stengd på grunn av eit snøskred.

Ifølge trafikkoperatør Eirik Elnes skal det vere snakk om eit mindre skred, men at fjellet vil vere stengd fram til dei får rydda opp.

– Kollegaen min er i dialog om dette no, og vi kjem nok med oppdateringar etterkvart vi veit noko meir, seier han.

Ifølgje operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt har ein bil køyrt delvis inn i skredet.

– Det er snakk om ein bil som så vidt har kome borti skredet. Det er ikkje dramatisk, og ein brøytebil er i ferd med å trekkje bilen ut, seier han.

Firda kjem tilbake med meir.