Helse Førde har lagt ned ortopedisk avdeling ved Lærdal sjukehus. No forsvinn 40 arbeidsplassar frå ei lita bygd og ein liten region. Kutta skjer av økonomiske årsaker. Helse Førde har bygd for dyrt og klarer ikkje å betale rentene på lånet frå staten. Difor må dei spare 24 millionar kroner.
Sjukehus vert drivne etter ein føretaksmodell. Dette er noko Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Høgre innførte i 2002 for å få meir effektive sjukehus. Effektivitet betyr ofte sentralisering. For eit selskap er det billegare å drive eitt stort enn fleire små.
Slik har det også vorte for helseføretaka. Dei vert styrte av eit styre som har økonomisk ansvar og som må halde seg innanfor eit stramt budsjett – på same måte som ei bedrift. Går bedrifta dårleg, må ein kutte kostnader og tene meir pengar. Alle forstår dette om ein sel pølser eller brus, men sjukehus har ei langt større rolle i liva til folk enn hurtigmat.
Ved Lærdal sjukehus mistar opp mot 40 menneske jobben, men dette får konsekvensar for mange fleire. I regionøkonomisk forsking snakkar ein om multiplikatoreffektar. Dette er dei indirekte og meir langsiktige konsekvensane ein ikkje ser umiddelbart.
Dei 40 som mistar jobben må finne anna arbeid eller flytte. Dei tek med seg familien og ungane, og dette fører til mindre handel i butikkane og igjen færre arbeidsplassar. Færre barn i barnehage og skule gir behov for færre lærarar. Over tid kan dette føre til nedlegging av skular i bygda. Igjen færre ungar – og til slutt ikkje lenger nok til å stille eit fotballag.
Små samfunn er sårbare for store endringar, og alle lokalsamfunna i indre Sogn er av denne storleiken. Forskinga opererer med ein faktor på opp mot 2,5. Det vil seie at ein kan gonge 40 tapte arbeidsplassar med 2,5 for å anslå den samla effekten på sysselsetjing og fråflytting.
Dessutan flyttar dei unge og arbeidsføre, medan dei eldre vert verande att i ein kommune som mistar skatteinntekter, noko som igjen fører til dårlegare tenester. Dei som bygde landet, vert sitjande att med eit dårlegare tilbod på grunn av ein politikk som behandlar sjukehus som om dei var pølsefabrikkar.
Dette er dei faktiske konsekvensane. Dei ideologiske realitetane er likevel verre. Høgre, Framstegspartiet og Arbeidarpartiet har sendt ein trojansk hest til småkommunane rundt om i landet. Ortopedisk avdeling i Lærdal går godt, men Helse Førde klarer ikkje finansiere nybygga sine på grunn av staten sine krav til rentekostnader, og legg difor ned eit fullt fungerande tilbod.
I praksis vert eit mindre helseføretak den styrande aktøren i ein heil region. Indre Sogn vert eit slags gissel som kan ofrast for marknadsøkonomiske prinsipp, og alt dette vert akseptert fordi budsjettet til Helse Førde må gå opp. Politikarane verkar òg fanga i denne tankegangen. Dei som i teorien skal forvalte idear om korleis samfunnet skal formast, klarer ikkje å heve debatten over tala i budsjettet.
Som i ein Kafka-roman rosar dei styret i Helse Førde for å ta «vanskelege, men nødvendige» avgjerder, medan styret i Helse Førde peikar attende på politiske rammer og seier dei ikkje har handlingsrom til å gå utanfor desse.
Kva med den lokale folkeviljen, demokratiet og rein fornuft? Det var tusenvis som stilte i demonstrasjonstog mot nedlegginga. Det er demokrati i praksis – og det er vakkert. Slikt engasjement bør premierast og respekterast i større grad enn ein feilslått føretaksmodell som raserer lokalsamfunna våre.
Det er heilt absurd at viljen til oss som bur her skal overkøyrast så fullstendig, og at politikarane vi har gitt makt til å representere oss, verkar meir som marionettar enn reelle maktpersonar.
Det mest alvorlege er erkjenninga av at demokratiet og folkeviljen opplevast sett til side av økonomiske styringssystem i helseføretaka, og at sentraliseringspolitikken vart innført gjennom ein føretaksmodell vanlege folk knapt har hatt føresetnader for å forstå eller påverke. For vi har ikkje valt dette – og samfunna våre bør byggjast på det vi faktisk vil.