Dei kommande dagane kjem det mykje regn her på kysten, og det neste vesle solgløttet ser ut til å bli på laurdag.
Yr har sendt ut gult farevarsel for sørpe- og flomskredfare på kysten, nærare bestemt ytre og midtre delar av Vestland fylke. Store nedbørsmengder og 7-8 plussgrader dei neste dagane gir stor snøsmelting:
– Det er venta opp mot 60-100 mm nedbør frå natt til onsdag til fredag morgon, mest som regn. Relativt høge temperaturar og mykje vind fører til snøsmelting. Sørpeskred kan løysas ut i relativt slake hellingar der vatn vert samla opp, skriv Yr i farevarselet.