Meteorologane har sendt ut gult farevarsel for sørpe- og flaumskredfare, då det er venta opp mot 60-100 mm nedbør frå natt til onsdag til fredag morgon.

– Relativt høge temperaturar og mykje vind fører til snøsmelting. Sørpeskred kan løysast ut i relativt slake hellingar der vatn vert samla opp, skriv Yr i varselet.

Det er frå før av sendt ut farevarsel om stor fare for snøskred frå onsdag av.

Statens vegvesen oppmodar folk om å vera klare for at vêromslaget kan gje utfordringar på vegane i delar av Rogaland og Vestland dei neste dagane.

– Me oppmodar alle trafikantar om å halda seg oppdaterte om situasjonen på vegane før ein legg på tur, seier Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør for drift og vedlikehald, i ei pressemelding.

Les også

Sender ut farevarsel for fjellområda

Les også

Her går skredet tett på folk. No er farevarselet oppjustert