Det har i praksis ført til stengt Vikafjell. Første meldinga kom til Vegtrafikksentralen vest 06.42 torsdag morgon.

Etter det kom det meldingar om fleire mindre skred. Frå klokka 10.18 har vegen vore heilt stengd.

På Vinje samla det seg fleire bilar som venta for å sjå om vegen opna att.

Torsdag ettermiddag melder Vegtrafikksentralen at det blir opna for trafikk med styrt trafikkavvikling frå klokka 16.30. Vegen kan bli stengd på kort varsel.

Klokka 18.21 melder VTS at det har gått eit nytt skred mellom Nesheim og Vinje, og vegen er igjen stengd.

Det blir ny vurdering om vegen kan opna, fredag klokka 07.

Det har samla seg ein del bilar på Vinje i håp om at vegen opnar snart.
Foto: Terje Eggum

Hit, men ikkje lenger for dei som vil over Vikafjellet. Vegen vidare ned til Voss er open.
Foto: Terje Eggum