Eg er 18 år og bur i Sogn. Eg har vakse opp med Lærdal sjukehus som ein naturleg del av kvardagen vår. Det har alltid vore der som ein tryggleik. No kjenner eg ei uro over at sjukehuset vert svekka bit for bit, og eg føler at me må seia klart ifrå.

Sogn og Fjordane Unge Høgre er tydelege: Me er imot kutta som no vert gjort ved Lærdal sjukehus, og me vil at sjukehuset skal styrkjast, ikkje byggjast ned. Dette handlar ikkje om tal i eit budsjett, men om tryggleiken til folk som bur her.

Kutta er store og merkbare. Den ortopediske avdelinga skal leggjast ned. Operasjonar innan ortopedi forsvinn frå Lærdal, og attende sit me berre med eit poliklinisk ortopeditilbod inntil to dagar i veka. To dagar kan ikkje erstatta eit fullt fagmiljø med operasjonar og beredskap kvar dag.

I tillegg er det vedteke kutt på 3,5 millionar kroner ved skadepoliklinikken, og det har vore vurdert å kutta opptil 50 stillingar. Femti stillingar. Det er ikkje berre tal – det er menneske som jobbar her, familiar som er avhengige av jobbane, og fagfolk som gjer Lærdal sjukehus trygt for alle som bur her.

Ja, indremedisinen skal framleis vera ryggrada ved sjukehuset. Men eit sjukehus er meir enn ei ryggrad. Når ein fjernar ortopedien, reduserer skadepoliklinikken og vurderer store kutt i bemanning, vert heilskapen svekt. Litt etter litt vert tryggleiken til folk i Sogn redusert.

Kutta får òg konsekvensar for framtida til lokalsamfunnet. Mange unge som vil bli helsefagarbeidarar, sjukepleiarar eller anna helsepersonell, må flytta vekk for å få erfaring og jobb. Når tilbodet vert svekka, mister me fagfolk i regionen, og det vert vanskelegare å rekruttera nye. Dette skapar ein ond sirkel: færre fagfolk, svakare sjukehus, mindre tryggleik, færre som vil busetja seg her.

Eg kjenner sjølv på kor vanskeleg det kan vera når nokon vert skadd i området vårt. Me bur i ein region med lange avstandar, tunnelar og fjellovergangar. Om vinteren kan vêret stenga vegar, og ein liten ulykke kan fort bli alvorleg dersom hjelpa ikkje er nært. Når minutt tel, betyr det noko kor langt det er til behandling. Å byggja ned Lærdal sjukehus svekkjer den tryggleiken som folk i Sogn treng.

Politisk handlar dette om kva slags distriktspolitikk me vil ha. Me i Unge Høgre meiner at folk skal ha like trygge helsetilbod uansett kvar dei bur. Effektiv drift er viktig, men effektivisering kan ikkje alltid bety sentralisering. Me kan ikkje akseptere at lokalsjukehus vert svekka for å spara pengar her og der. Me treng sterke lokale sjukehus som fungerer for pasientar og personalet som jobbar der kvar dag.

Kutta påverkar også framtida til regionen. Kven vil flytta hit for å jobba dersom fagmiljøet vert svekt? Kven vil satsa på å busetja seg her når grunnleggande tenester vert kutt? Lærdal sjukehus er ein del av det som gjer Sogn attraktivt å bu og leva i. Uten eit sterkt sjukehus vert det vanskeleg å behalda folk og rekruttera nye fagfolk.

Som 18-åring ser eg på framtida mi i Sogn. Eg vil bu her, eg vil at venene mine skal kunna flytta heim att etter studiar, og eg vil at unge familiar skal velja Sogn. Men det kan me ikkje gjera om grunnleggande tenester vert svekka år for år. Eit sterkt sjukehus er ein del av den tryggleiken som trengs for å halda liv i lokalsamfunna våre.

Sogn og Fjordane Unge Høgre vil at Lærdal sjukehus skal styrkjast og utviklast, ikkje byggjast ned bit for bit. Me vil at politikarar tar ansvar og forstår at dette ikkje berre handlar om pengar, men om menneske, heimane våre og framtida til regionen. Me kan ikkje sitja stille og sjå på at tryggleiken vår vert redusert.

Me kjem til å stå på for Lærdal sjukehus – no og i framtida. Me kjem til å kjempa for at alle som bur i Sogn får den hjelpa dei treng, når dei treng det. Det beste for Sogn er ikkje å bli mindre, men å gro saman og sterkare.