– Det var ikkje planlagt. Men eit barn som kjem inn i verda, er berre vakkert. Og eg skal gjera alt som står i mi makt for å bli ein god far.
Det seier engelskmannen Ben Ward (40) i eit intervju med NRK.
Ward vart TV-kjendis etter at livet hans på høgdegarden i Luster vart sendt på NRK-programmet «Der ingen skulle tru, at nokon kunne bu» frå hausten 2024. Folk over heile landet har no fått følgja han over fire episodar.
Ville stifta familie
I programmet har Ward ofte snakka om draumen om ei å dela livet med, og å stifta ein familie oppe på høgdegarden hans.
Sogn Avis var på besøk på høgdegarden hausten 2024. Då fortalde han også om framtidsdraumen.
– Eg tykkjer dette er ein fin måte å leva på, men eg vil møta nokon. Stifta familie. Gro grønsaker, sa han då.
No har han fått ein son.

Sogn Avis var på besøk på kroken gard i 2024.
Foto: Ronja Årskaug Vallestad/Arkiv
Til NRK seier Ward at han og mora ikkje er saman, men at dei har eit godt venskap.
– Me begge vil berre gjera det beste for vesleguten. Ho skal vera ein del av livet mitt for alltid. Og me skal klara å samarbeida, slik at sonen vår skal kjenna seg trygg, seier han.
Mora bur til vanleg på Austlandet, men har flytta mellombels saman med si mor til Sogn for å gjera den første tida litt enklare for dei ferske foreldra.
NRK skriv at dei no er i gang med å spela inn nye opptak som kan bli til eit nytt program i desember.
Sogn Avis har vore i kontakt med Ben Ward, som seier at han ikkje ynskjer å gjera intervju utover det NRK har skrive.

Les også
«Heile» Sørsida møtte opp for å feira: – Me hadde venteliste

Les også
Ben blir nedringt etter premiere på tv-program: – Det var så fint at eg nesten byrja å gråta

Les også
Ben har fått lærling i huset: – Eg kom ikkje på grunn av tv-programmet

Les også
Full rulle for Ben: – Eg jobbar natt og dag

Les også
På tre veker har over 500.000 strøyma Ben Ward

Les også
– Eg tenkjer at dette handlar ikkje om å be om hjelp, det handlar meir om å læra å ta i mot