Denne helgen var det klart for innandørs noregsmeisterskap i friidrett, der både Voss og Ulvik var representerte med lokale utøvarar.

Meisterskapen gjekk føre seg over tre dagar i Gneisthallen i Rådal, like ved Fana stadion.

Tre medaljar

Under meisterskapen blei det to gullmedaljar, som vossingane Marcus Thomsen og Mariell Hetlesæther Morken stod for.

Begge er kulestøytarar og representerer klubbene Norna Salhus og Ullensaker/Kisa.

Thomsen sitt vinnarstøyt var på 20,63 meter og Morken vann med eit støyt på 14,00 meter.

– Veldig gøy

Vossautøveren Mariell Hetlesæther Morken studerer for tida til å bli tollar ved Universitetet i Stavanger.

Ho fortel at det var litt overraskande at ho gjekk heilt til topps under noregsmeisterskapen i helga.

– Det var veldig gøy! Det var ikkje helt forventa sidan eg har slite litt med teknikken. Så det var veldig godt at det klaffa i helga.

Stavanger, Norway 20240628. 
Mariell Hetlesæter Morken i kulefinalen under NM i friidrett 2024.
Foto: Carina Johansen / NTB

Stavanger, Norway 20240628.
Mariell Hetlesæter Morken i kulefinalen under NM i friidrett 2024.
Foto: Carina Johansen / NTB
Foto: Carina Johansen

– Vart det noko feiring av meisterskapsgullet?

– Eg åt pizza. Eigentleg berre det, seier Morken.

No ser vossingen fram til utandørssesongen startar, der målet rett og slett berre er å kasta så langt ho kan.

Fleire pallplassar

Under noregsmeisterskapen sprang vossingen Anne Tharaldsen Danielsen inn til bronsemedalje på 4 x 200 meter stafett, og blei nummer åtte på 400 meter med tida 55,88 sekund.

Anne Tharaldsen Danielsen

BRONSJE: Anne Tharaldsen Danielsen sprang inn til bronsemedalje under stafetten.
Foto: Hilde Stokvold Gundersen

Vossingen Tore Akerlie som spring for klubben Gular leverte også solide prestasjonar med 4. plass på både 1500 og 3000 meter. Tidene var 3.47.22 og 8.00.18.

Ulvikjen Marius Bull Hjeltnes hoppa inn til ein fjerdeplass i lengdehopp med 7,07 meter.

Sofie Østerbø Jansen deltok i KS para, 200 meter og 60 meter, og tok høvesvis bronse og sølv.

Sofie Østerbø Jansen (til venstre) under NM i friidrett.
Foto: Privat

Alle resultat kan ein finna her.

Les også

Amerikansk siger, stygt fall og ny bakkerekord

Hopp over karusellen.