I fjor haust starta Feddie Ocean Distillery ein produksjonspause som skulle vare til april i år. No er det klart at det ikkje blir meir produksjon i 2026.
– Då har vi ikkje anna val enn å nedbemanne. Tre tilsette i produksjonen har blitt sagt opp, seier dagleg leiar, Martin Tønder Smith.
Whisky-selskapet har vore igjennom ein periode der alle med unntak av Smith vart permittert i ulik grad.
– Vi har sett etter moglegheiter til å sette i gang produksjonen igjen utan å finne dei.

Feddie Ocean Destillery har store verdiar på fat.
Foto: Eva Neteland
Destilleriet på Fedje har produsert store mengder brennevin frå 2020 og fram til i haust. Drikkevara har selt bra i Norge, og Feddie har rundt 1500 tønner på lager verdt over 130 millionar kroner.
Men for å nytta denne ressursen er dei avhengige av å få fotfeste i utlandet. Først då kan dei byrje produksjonen att.
– Produksjonsstart er avhengig av om vi får suksess og sel bra. Vi må basere drifta etter omsetninga. Vi kan selje whisky ganske lenge utan å produsere nytt, seier Smith.
Ny leiar
Aina Lemoen Lunde byrja som dagleg leiar i Feddie i fjor vinter, før Smith tok over 1. desember.
Men han har jobba i selskapet sidan 2021 og har tidlegare vore senior produktsjef for brennevin i Vinmonopolet.
– Eg kjenner marknaden godt og veit kor vi må legge inn trykket.

Ny dagleg leiar, Martin Tønder Smith.
Foto: Feddie Ocean Distillery
Han meiner det ville vore umusikalsk å bruke pengar på å tilsette ein ny dagleg leiar, som skulle hentast utanfrå, med tanke på situasjonen dei står i.
– Når vi no først har gått igjennom permittering og deretter nedbemanning, er det bra at det ikkje berre kjem ein dagleg leiar som er sett inn og må ta avgjersler på sviktande grunnlag. Eg har vore i leiargruppa i fleire år og har ei god formeining om kva som skal til for å lukkast.
Ser mot Europa
Feddie er aktive i Sverige og Sveits, og i haust byrja dei satsinga i Storbritannia.
– Vi kjem nok til å bruke eit år på å posisjonere oss i marknaden og gjere Feddie kjent der. Vi prøver generelt å finne nye vegar og nettsal er viktig i Europa.
Når produksjonen eventuelt vil starte opp att, kan ikkje han svare på no.

Les også
Har selt tusenvis av liter sidan lanseringa: – Det er over all forventning

Les også
Ho ser spent ut. Vil folket møte henne?

Les også
Pengane til 900 investorar ligg i hendene til Alejandro