– Aurland-Hol er stengd, Strynefjellet er ope, Vikafjellet er også ope med normal ferdsel, oppsummerer trafikkoperatør Tor André Snekkevik ved Vegtrafikksentralen vest.
Vêret som har prega fjellovergangane tysdag og natt til onsdag ser ut til å betra seg utover dagen onsdag, men i løpet av natta har det vore få fjellovergangar med fri ferdsel.
Tysdag kveld vart det innført kolonnekøyring på rv. 52 over Hemsedalsfjellet. Trafikkoperatøren kan fortelja at prognosane for dei fleste fjellovergangane ser lysare ut utover dagen.
– Det er håp om opning i løpet av ettermiddagen og kvelden, seier Snekkevik.
Frå klokka 8 vil det også vera kolonnekøyring på Aurland-Hol. Like før klokka 8 er det fri ferdsel på Hemsedalsfjellet att.
Snøskredfaren aukar
Også fv. 53 mellom Årdal og Tyin stengde tysdag kveld grunna uvêr. Her ser prognosane derimot dårlegare ut.
Ifølgje vegvesenet sine vurderingar er det 66 prosent sjanse for stenging klokka 17 onsdag.
– Der skal det gjerast ny vurdering klokka 12, men det kan vera den blir forlengja. Det skal betra seg litt der også, men det ser ikkje ut til at det skjer før seinare på kvelden, seier Snekkevik.
Vêrmeldingane viser tosifra varmegrader fleire stader i Indre Sogn dei neste dagane. Det er dårleg nytt for snøskredfaren.
Onsdag og torsdag er faren på oransje nivå, med størst fare frå onsdag ettermiddag.