– Telia Noreg har vore utsett for eit datainnbrot som har ført til at kundedata er stolne. Undersøkingane våre viser at det gjeld namn, adresse, e-postadresse, telefonnummer og fødselsdato til privatkundar som har TV frå Telia, opplyser Årdalsnett i ein e-post til sine kundar tysdag ettermiddag.

Særs alvorleg

– Sidan Telia er leverandøren vår av TV-tenester, er du som kunde truleg òg råka, heiter det vidare.

Dagleg leiar Thomas Moen Klingenberg kan ikkje kommentera saka, og viser til Telia, som ifølgje pressemeldinga ser særs alvorleg på situasjonen og har mobilisert betydelege ressursar for å handtera dette.

– Det er allereie gjennomført tryggingstiltak for å redusera moglegheita for misbruk av kundedata. Selskapet samarbeider tett med styresmaktene, og hendinga er under etterforsking av politiet. Me er òg i tett dialog med Telia i denne saka, skriv han i meldinga som er sendt ut.

Telia oppdaga i slutten av november i fjor at uvedkomande hadde greidd då få tilgang til ein del av Nelia Norge sitt IT-miljø og sette i verk tiltak for å motverka dette, men det var ikkje mogleg å slå fast om data faktisk var kome på avvege.

– Beklagar

Telia opplyser på sine nettsider at dei i byrjinga av februar vart varsla av ei kriminell hackargruppe på det mørke nettet som ville gjera tilgjengeleg store mengder data som var henta frå Telia Norge sin system. Det har ikkje vore nokon kontakt med gruppa og Telia.
Ein jobbar no for å identifisera kva slags opplysningar det er snakk om – og hindra misbruk av desse opplysningane.

I meldinga til kundane heiter det at ein førebels ikkje treng å føreta seg noko, men at ein oppmodar alle om å vera ekstra merksame på moglege svindelforsøk.

– Me beklagar på det sterkaste dei ulempene og den belastninga hendinga kan medføra for kundane, seier Moen Klingenberg.