Onsdag ettermiddag klokka 17.30 melde Vegtrafikksentralen at Gudvangatunnelen, på E16 mellom Gudvangen og Aurland, var stengd på grunn av skade på ein høgdebegrensar og at entreprenør var på veg.
Også Flenjatunnelen var stengd som følgje av dette.

Utanfor Flenjatunnelen, på Flåm-sida, var det også kø.
Foto: Statens vegvesen sitt webkamera
– Det nærmar seg. Me ventar på ei hjulmaskin, altså ei gravemaskin på hjul, fortalde trafikkoperatør Jan Marøy ved Vegtrafikksentralen til Sogn Avis klokka 19.35.
– Maskina er i tunnelen no, men har halvanna kilometer att for å koma dit skaden er. Dei går ikkje så veldig fort desse maskinene. Men frå den er på plass vil det nok ikkje ta så lang tid å retta sjølve skaden. Me håpar å kunne opna igjen i løpet av ein halvtime, sa Marøy.
– Kor omfattande er skaden?
– Det er noko frå høgdebegrensaren som heng ned i tunnelen som gjer at større køyretøy ikkje kjem seg forbi. Dette me ordnast før tunnelen kan opnast igjen.
Etter nesten to og ein halv time var det fri ferdsel igjen.