Kort oppsummert
-
Ein Venstre-delegasjon besøkte Jacu kaffebrenneri i Ålesund i starten av august.
-
I ein artikkel vart det hevda at drivaren betalar 40.000 kroner i formuesskatt for ei ny kaffimaskin.
-
Nettsida Fakta om formuesskatt har rekna seg fram til at beløpet er mykje lågare. No tek drivaren av kaffibrenneriet sjølvkritikk.
Oppsummeringen er laget av KI-verktøyet ChatGPT og kvalitetssikret av våre journalister.
Les mer om hvordan vi forholder oss til kunstig intelligens.
– Eg kan mykje om kaffi, gründerskap og inkludering. Eg kan lite om formuesskatt. Talet på 40.000 kroner kom ikkje frå meg, men det vart prata om kva denne verdien kunne ha kosta i formuesskatt. Det kom frå ein av politikarane som var på besøk.
Det seier Anne Birte Bjørdal Hanken når Sunnmørsposten snakkar med henne måndag.
Det var ho sjølv som tok kontakt med avisa måndag morgon.
Les saka her (er oppdatert):
– Kjempeurettferdig og en byrde
Anne Birte Bjørdal Hanken driv Jacu kaffebrenneri i Ålesund.
Foto: Staale WattøTema kom opp
Det var i starten av august ein topptung Venstre-delegasjon besøkte Jacu kaffebrenneri i Ålesund.
Blant anna var stortingsrepresentant Alfred Bjørlo og Erik Rolfsen, toppkandidat i Møre og Romsdal, med i følget.
Under besøket, som handla mykje om å starte ei bedrift og å vere gründer, kom temaet formuesskatt også opp.
Drivaren av kaffibrenneriet, Anne Birte Bjørdal Hanken, vart sitert på at dei må betale 40.000 kroner i formuesskatt årleg grunna ei ny og stor kaffimaskin dei hadde kjøpt.
– Kjempeurettferdig og ei byrde, vart Bjørdal Hanken blant anna sitert på i saka.
– Berre 360 kroner
Søndag kom derimot nettsida Fakta om formuesskatt med eit anna reknestykke om kva Jacu kaffebrenneri betalar i formuesskatt.
Fakta om formuesskatt er drive av SV-aren Asle Olsen.
Nettsida har rekna seg fram til at det korrekte beløpet for kaffimaskina skal vere på berre 360 kroner.
Vidare skriv dei at berre to av tre eigarar av Jacu kaffebrenneri betalte formuesskatt i 2023.
Deira samla eigardelar i selskapet utløyste 2.034 kroner i formuesskatt.
Ukjent Raudt-politikar kalla Listhaug «sugarmama» – Svarte spøkefullt
Anne Birte Bjørdal Hanken har snakka med revisoren sin, men så langt ikkje fått tak i dei korrekte tala for kva ho betalar i formuesskatt.
Ho er derimot klar på at utspelet om at ho betalar 40.000 kroner er basert på ei misforståing under besøket frå Venstre-delegasjonen.
– Midt oppe i praten kom temaet formuesskatt om. Dette er eit felt eg ikkje akkurat kan seie eg har doktorgrad i. Ein av politikarane nemnde eit reknestykke på kva den store brennemaskina kunne kosta i skatt. Eg svarte spøkefullt «oj, kvar skal eg ta dei pengane frå?», forklarer Bjørdal Hanken.
Ho presiserer at det aldri var hennar hensikt å framstå som ein ekspert på skattereglar – eller å bruke maskina som døme på urettferd.
– Neste gong eg blir intervjua om skatt lovar eg å svare «Det må du nesten spørje revisoren min om», seier Anne Birte Bjørdal Hanken.
Anne Birte Bjørdal Hanken saman med Alfred Bjørlo.
Foto: Staale Wattø God næringspolitikk betyr ikkje frislepp – Ikkje vårt reknestykke
Sunnmørsposten har vore i kontakt med Venstres Alfred Bjørlo, ein av dei som var avbilda i saka.
Han seier at dei omtalte 40.000 kronene i formuesskatt ikkje var Venstre sitt reknestykke.
– Vi vart fortalt om desse tala under besøket. Eg har ingen føresetnader for å seie om dette var rett eller feil, kommenterer Bjørlo.
Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten, Sindre Halkjelsvik, seier at avisa skulle ha kontrollert opplysningane dei fekk betre.
– 40.000 kroner i formuesskatt for ei kaffimaskin er eit svært høgt beløp. Dette skulle vore kontrollert betre før saka blei publisert. Det er vårt sjølvstendige ansvar å ha fakta korrekt, og her må vi ta sjølvkritikk og rette opp, seier Halkjelsvik.
Anne Birte Bjørdal Hanken seier at ho ikkje hugsar kven det var av dei besøkande som gjorde reknestykket.
Ho legg til at den skandinaviske modellen betyr mykje for henne.
– Vi har eit fellesskap som gjer at vi kan skape både arbeidsplassar og tryggleik for folk, seier kaffibrenneri-drivaren.
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo på Ålesund-besøk.
Foto: Staale Wattø Venstre-toppen om Listhaug: – Det er ikkje mitt ønske