Dette er første gong det blir ei folkeavrøysting om EU-medlemskap i Island.

Folkeavrøystinga vil bli avholdt den 29. august, opplyste statsminister Kristrún Frostadóttir på ein pressekonferanse i Reykjavik fredag.

– Forhandlingsposisjonen til Island er god for augeblikket, og regjeringa meiner at Island er sterkt nok til å ta denne beslutninga no, sa Frostadóttir.

Folkeavrøystinga handlar ikkje om dei skal gå inn i EU eller ikkje, men om dei skal gjenoppta EU-forhandlingane. Dersom fleirtalet seiar ja, vil det bli ei ny folkeavrøysting om dei skal gå inn i EU eller ikkje.

Søknaden er framleis gyldig

Island søkte om EU-medlemskap i 2009, og forhandlingane starta året etter. Men etter at landet fekk ei ny regjering i 2013, stoppa forhandlingane. Søknaden vart derimot ikkje formelt trekt tilbake, og er dermed framleis gyldig.

Det var på førehand foreslått at folkeavrøystinga skal skje på seinsommaren eller tidleg haust.

Kan få konsekvensar for Noreg

Island er i i dag ein del av EØS-avtalen, og dersom Island blir medlem i EU kan det svekke EØS. I dag består Efta-landa av Noreg, Island og Liechtenstein.

Publisert

06.03.2026, kl. 12.45

Oppdatert

06.03.2026, kl. 13.07