Saka oppsummert:
- UD oppjusterer reiseåtvaringa for Libanon til høgste nivå, og oppmodar norske borgarar til å forlate landet
- UD set opp ei flyging frå Oman i samarbeid med Norwegian for å hente heim barnefamiliar, gravide og sårbare personar i Midtausten
- Frp kritiserer regjeringa for manglande innsats for å hente heim nordmenn i regionen
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
Utanriksdepartementet (UD) oppjusterer reiseåtvaringa for Libanon til høgste nivå, skriv dei i ei pressemelding.
UD oppfordrar norske borgarar om å forlate landet, og frårår alle reiser til landet.
– Den enkelte må vurdere eigen tryggleik nøye om ein vel å flytte på seg no, skriv UD.
Tryggleikssituasjonen i landet blir skildra som «uoversiktleg og alvorleg». Dermed har departementet «svært avgrensa moglegheiter» til å hjelpe nordmenn i landet.
Informasjonen kjem kort tid etter at UD varsla om ei flyging frå Oman til Noreg.
Søndag 8. mars vil ei flyging frå Muskat i Oman frakte heim norske barnefamiliar, gravide og personar med medisinske behov. UD ber personar i desse gruppene om å kontakte dei.
Det kjem fram i ei pressemelding fredag kveld.
– Prioriteringa er vanleg prosedyre. For oss er det viktig å få ut dei som treng det mest, seier Cecilie Roang, pressetalsperson i UD.
Utanriksdepartementet set opp eit fly frå Oman til Noreg på søndag. Nordmenn i Dubai i Dei sameinte arabiske emirata har utfordringar med å kome seg heim til Noreg.
Foto: Rula Rouhana / REUTERS,NTB
– Det er eit avgrensa tal plassar på flyet. Oppmodinga vår er at dei som ønsker plass, tar kontakt og melder frå om behova sine, seier Roang.
UD vil ta kontakt med dei som får tilbod om plass på flyet, og gi informasjon om korleis å komme seg til flyplassen.
– Vi er glade for å kunne bidra til dette. Vi har gjort liknande flygingar før, sist til Israel. Vi er glade for å ha moglegheita, seier pressesjef i Norwegian, Eline Hyggen Skari.
– Ein vanskeleg situasjon for mange
Statsminister Jonas Gahr Støre har forståing for at nordmenn i området er uroa.
– Situasjonen i Midtausten er alvorleg og råkar norske borgarar som er i regionen. Eg har stor forståing for at dette er ein vanskeleg situasjon for mange, seier Støre i pressemeldinga.
Støre understrekar at norske myndigheiter har hjelpt nordmenn i regionen sidan krigen braut ut, og at dei har to utrykkingsteam på bakken i Dubai i Dei sameinte arabiske emirata og Muskat.
– Eg har stor forståing for at dette er ein vanskeleg situasjon for mange, seier statsminister Jonas Gahr Støre.
Foto: Truls Skram Lerø / NRK
Alvorleg situasjon
Utanriksminister Espen Barth Eide understrekar at situasjonen framleis er svært alvorleg.
– Det betyr at det kan kome endringar på kort varsel. Det betyr også at det framleis kan ta noko tid å få fleire fly til regionen, seier Eide.
UD har kontakt med europeiske land om moglege ledige sete på fly som blir sett opp av andre land.
Norske myndigheiter var først tydelege på at dei ikkje kom til å evakuere nordmenn i området, men at dei vurderte saka.
No har dei snudd.
Frp krev meir frå UD
Framstegspartiet (Frp) kome med kritikk i regjeringa si handtering av situasjonen.
Frp-leiar Sylvi Listhaug kravde svar frå statsministeren på kvifor regjeringa ikkje gjorde meir for å hjelpe nordmenn som ikkje kom seg heim.
– Det er éin ting som hastar no når vi ser kva andre land gjer. Send fly til Midtausten og hent nordmenn heim, sa Listhaug til NRK.
Til no har over 20 land chartra fly for å hente folk heim frå Midtausten, skriv NTB.
Frp har kritisert UD si handtering av nordmenn som er råka av situasjonen i Midtausten. Frp-leiar Sylvi Listhaug kravde svar frå statsministeren.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Stortingsrepresentant Himanshu Gulati (Frp) meiner at UD skulle tatt meir ansvar for nordmenn i regionen.
– Mange nordmenn var allereie i regionen då krigen brått braut ut, og har hamna i ein situasjon der det er vanskeleg å kome seg heim. Ei av dei viktigaste oppgåvene til Utanriksdepartementet er å hjelpe norske borgarar i utlandet, seier han.
– Derfor meiner vi UD bør gjere det dei kan for å legge til rette for fly heim, slik nesten alle andre europeiske land gjer, og slik fleire norske selskap også har gjort, legg han til.
Gulati understrekar at det først og fremst gjeld dei som er turistar. Han meiner at styresmaktene bør legge til rette for fly, som folk sjølv betaler billetten for.
Følg utviklinga i Midtausten her:
– Nødvendig å få alle detaljane på plass
Statssekretær Eivind Vad Petterson (Ap) i UD seier til NRK at dei har jobba med dette i fleire dagar.
– Her var det nødvendig å få alle detaljane på plass før vi faktisk går ut med det, og det er vi glade for at vi kan gjere no, seier Petterson.
Statssekretæren understrekar at UD er i kontakt med dei som får plass på flyet. Han rår folk i området om å ikkje legge ut til flyplassen på eiga hand.
Statssekretær Eivind Vad Petterson (Ap) i Utanriksdepartementet.
Foto: Jon Petrusson / NRK
Det er om lag 1500 registrerte nordmenn i Dubai. Eit fåtal av dei får plass på UD sitt fly til Noreg.
– Det går heldigvis stadig fleire rutefly også frå Dubai. Vi vel å gjere dette frå Oman, nabolandet, sjølv om det er 400 kilometer unna. Det er tryggare og meir stabilt, sjølv om vi ikkje kan garantere at luftrommet vil vere opent heile vegen, seier Petterson.
Roang understrekar at det i første omgang er dette flyet som blir sett opp, men at UD ser på fleire moglegheiter framover.
Interessert i utanriksstoff? Høyr siste podkast-episode frå Urix:
Publisert
06.03.2026, kl. 18.17
Oppdatert
06.03.2026, kl. 21.00