Festivalen feira i fjor 20 år og pregar over fleire dagar kvar haust industribyen som er kjend for å ha fostra opp mange og ulike forfattarar.
No har programkomiteen i Litteratursymposiet bestemt seg for årets tema, nemleg «vrang».
Festivalen går av stabelen 1.-4. oktober.
–Vrang stad
– Litteratursymposiet vert kvart år planlagd rundt eit tema. Eit godt tema er kjenneteikna ved at det er samfunnsaktuelt, meiningsfullt i seg sjølv og at det byr på fleire tolkingar av omgrepet, seier festivalleiar Ingvild Ystanes.
– Kva type debattar trur du temaet «vrang» vil kunne gi til hausten?
– Tema kjenst absolutt òg relevant som samtidsspegl. Frontane er harde og meiningane steile, algoritmane forsterkar det vrange, og motsetnadene skjerpast. Vranglære er eit relevant ord her. Tema passar òg godt inn i Odda – det er jo grunnleggande ein vrang stad. Eg er ganske trygg på at tema vil stå seg godt i både lokale og nasjonale debattar, seier Ystanes.

FESTIVALSJEF: Ingvild Ystanes er festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda.
Foto: Eivind Dahle Sjåstad
– Har de tenkt på aktuelle forfattarar eller bøker rundt temaet?
– Vi driv no og inviterer forfattarar som kan passa under vrang-paraplyen. Då søker vi ikkje primært dei vanskelege typane, men forfattarar som gjennom litteraturen sin har ei vrang tilnærming, og som bruker vrangskap som metode. Poet Øyvind Rimbereid for eksempel – han representerer ein grunnleggjande, strukturell vrangskap: Han skriv på språk som ikkje finst, eller som ikkje er «rette». Han bryt med ideen om at språk skal vera reint, stabilt og normert. Framtidsdialekta i langdiktet Solaris korrigert er ikkje nødvendigvis feil språk, men språk i bevegelse – vrangt sett frå samtida, kanskje logisk sett frå framtida.
– Korleis jobbar de vidare med programmet og festivalen gjennom våren?
– No jobbar vi på mange plan samtidig: Inviterer folk og grublar på gode kombinasjonar, leiker med ord som vranglære, vrangførestillingar og tvisyn, samtidig som vi sender søknader om støtte og finansiering. Nokon av dei som har takka ja til å kome er nemnde Rimbereid, Dag Johan Haugerud, Anna Kleiva og Halvor Folgerø, som skal ha sleppfest på ei lokalt veldig relevant bok, seier Ystanes.
Grafikar Augun Johnsen står også i år bak årets plakat.


Litteratursymposiet i Odda
Årleg litteraturfestival som var 20 år i 2025. I løpet av fire festivaldagar blir det gjennomført rundt 50 arrangement, frå bokpratar og sceneshow til konsertar. Kvart år har festivalen eit nytt tema. I år er temaet vrang.
Motstraums
Om årets tema peikar festivalen på fleire definisjonar:
«Det vrange er det som ikkje let seg rette ut. Det som går på tvers, strittar imot, nektar å følge den rette lina. Vrang kan vere ei haldning, ein eigenskap, ein feil eller ei kraft. Det kan vere barnleg staheit, prinsipiell motstand, kreativ trass eller destruktiv vilje», skriv festivalen i ei pressemelding.
Å vere vrang kan til dømes vera å seia nei når alle andre seier ja.
– Det er å stilla spørsmål ved det sjølvsagde, å gå motstraums sjølv om straumen verkar for sterk. Vrangskap kan vera ein måte å verna om seg sjølv på, ein måte å halda fast ved identitet, språk, kropp eller tanke. Det kan òg vera noko som stenger, skaper konflikt og gjer det vanskeleg å leva saman, skriv festivalen vidare.
Litteratursymposiet peikar på at litteraturen er full av vrange menneske: dei som ikkje passar inn, som nektar å bøya seg, som lagar uorden i systema. Vrange forteljarar, vrange livsløp, vrange språk. I motstanden og skeivskapen kan nye perspektiv oppstå, og det tilsynelatande feilaktige kan avsløra sanningar vi elles ikkje ville sett.
– Vrang kan vera smertefullt og slitsamt, men òg frigjerande. Det kan vere starten på opprør, kunst og endring, heiter det i omtalen av temavalet.
Vrang
Festivalen er vigd til det vrange: tankane som går skeivt, stemmene som ikkje vil teiast, tekstane som skurrar og strittar imot. Til det som gjer motstand – og dermed opnar for noko nytt. Odda er ein vrang stad. Byen ligg pressa mellom fjell og fjord, forma av natur som strittar imot og ei historie som ikkje let seg glatte over. Industrien braut med idyllen, arbeidarkampen gjorde motstand til ein livsstrategi, og då fabrikkane forsvann, nekta Odda å late som alt var i orden. Her har utvikling aldri gått rett fram. Naturen minner oss stadig på grensene for kontroll, medan historia ligg ope i landskapet. Odda passar ikkje heilt inn i det norske sjølvbiletet – og nettopp difor trengst denne staden.
Å samle eit litteraturfestivaltema om Vrang i Odda er å gi språk til noko som alt finst her: motstanden, skeivskapen og viljen til å stå imot det enkle. Odda er ikkje vrang trass i historia si – men på grunn av henne .
Litteratursymposiet om årets temaval
Dette har vore tema på dei ulike festivalane oppgjennom:
Frå industrikultur til kulturindustri (2005)
Politisk litteratur (2006)
Kjærleik (2007)
Litteraturen i musikken i litteraturen (2008)
Litterære bilde (2009)
Smuss (2010)
Bråk (2011)
Fengsla (2012)
Unorsk (2013)
Kompis (2014)
Heim (2015)
Hjelp (2016)
Kapital (2017)
Løgn (2018)
Døden (2019)
No. 15 (2020)
Attrå (2021)
A4 (2022)
Magisk (2023)
Drama (2024)
Eksplosjon (2025)
Vrang (2026)