Ifølgje Firdaposten har Kinn kommune frå måndag morgon av sett inn ein skyssbåt for å transportere folk forbi rasstaden på Nyttingnes i Eikefjord.

Dette skal ha blitt meldt av Kinn kommune.

Skyssbåten skal stå for persontransport mellom Sandvik og Nyttingnes, for at bebuarar kan komme seg på jobb og skule.

Bygda har vore isolert etter at eit stort steinras gjekk søndag, over fv. 5697. Raset var estimert å vere om lag 40-50 meter breidt, og det er usikkert kor lang tid det vil ta før vegen er rydda og ein kan opne att.

Les også

Ras i Eikefjord: – Delar av vegen er vekke