Tysdag presenterer Landslaget for lokalaviser (LLA) og Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår i 2025. I ei pressemelding frå LLA kjem det fram at nye avisabonnentar helst vil ha innhald digitalt.

Dei ferske tala viser at lokalavisene står sterkt landet rundt.

Blant dei 130 medlemsavisene i LLA er den samla digitale veksten for desse 11 prosent.

Generalsekretær Tomas Bruvik i LLA er glad for at lokalavisene står sterkt:

– Nok ein gong ser me at lokalavisene lagar spennande journalistikk som svært mange vil betala for. Dei fine opplagstala viser at folk set stor pris på lokal, redaktørstyrt og uavhengig journalistikk frå eigen kvardag og nærmiljø, kanskje særleg når det er urolege tider ute i verda, meiner Bruvik.

Gjev motivasjon

Samanlikna med andre halvår av 2024, har Sogn Avis ei auke på 45 totalt. Den prosentvise veksten for digitale abonnement er på 6 prosent. Fjordabladet på Eid er vekstvinnar i Sogn og Fjordane med 99 fleire abonnentar enn i andre halvår i 2024.

Porten i Årdal veks nest mest, og Fjordenes Tidende i Måløy har størst tilbakegang.

– Det er lov å gleda seg og feira alle framgangar. Noko som også gjev motivasjon til å gje sogningane ei god, viktig og engasjerande lokalavis kvar dag året rundt. Difor er dette først og fremst ein takk til abonnentane som gjer at vi trass i fall på papiravisa kan finansiera journalistikken med digital vekst, seier Sogn Avis-redaktør Eli Grotle som for tida er sett ut av drift med ei broten høgrehand.

– Då er det godt å sjå at me har ein veldriven og sjølvgåande redaksjon som står på for at me skal laga ei avis som alle som bur i Sogn ikkje kan klara seg utan.

Slik er tala for avisene i gamlefylket:

Fjordabladet: 3474 (+99)

Porten: 2112 (+86)

Ytre Sogn: 1258 (+78)

Sogn Avis: 9438 (+45)

Fjordingen: 3988 (+16)

Firda: 10 835 (-4)

Firda Tidend: 3134 (-30)

Firdaposten: 4677 (-88)

Fjordenes Tidende: 4613 (-210)