Den iranske legestudenten spelte inn meldingar på TikTok der han trugar regimemotstandarar i Iran.
Det skriv NRK torsdag morgon.
Legestudenten skal ha jobba ved Lærdal sjukehus utan gyldig autorisasjon. TikTok-videoar vart spelt inn på sjukehuset i januar i år.
Sjølv avviser han overfor NRK at han har misbrukt pasientopplysningar, og han meiner ytringane er politiske og ikkje reelle truslar.
Retningslinjene er at helseføretaka skal sjekka helsepersonell opp helsepersonellregisteret om dei har lisens eller autorisasjon.
– Det at det ikkje blei gjort i den andre runden når denne personen skulle vera hos oss, er eit brot på våre interne retningslinjer, seier fagdirektør ved Helse Førde, Asle Kjørlaug til NRK.