Eg skal vere ærleg og innrømme det er litt rart å spele Gears of War på PlayStation 5. Det er nesten som eg gjer noko eg ikkje har lov til. Som om eg bryt ei utskriven lov. Det var Epic Games som skapte og eigde Gears of War. Microsoft kjøpte eigedomen av dei, openbert for å halde den langt unna PlayStation, men her er vi. Eit stort stykke spelhistorie kan no spelast hos det som ein gong var den argaste konkurrenten.

Det er lov å kalle dette spelet legendarisk, for det er legendarisk. Ein kan ikkje underdrive kor vanvittig viktig dette spelet har vore for utviklinga av spelindustrien.

Om du lurer på kvar uttrykket «bald space marine» kom frå. Sjå i denne retninga. Gears of War inspirerte ein generasjon av spel så hardt at det nesten blei litt for mykje av det gode. Det var så mykje testosteron, så mykje macho, så mange skalla hovud på digre, muskuløse kroppar at det nesten blei ein vits. Gears of War var ein trendsetjar. Både visuelt og spelteknisk.

Gears of War endra spelverda på same måte som From Software i nyare tid har gjort med Dark Souls. No velta det inn ei bølgje av spel som alle ville gjere det same. Fortelje historier på meir dynamisk vis, gi oss barske menn med enorme musklar, og fokuset på digre former, og skytning frå bak ein stein blei spreidde om seg.

Berre reklamen aleine sette enorme spor. Det var som om bransjen vaks over natta. Frå litt banale videoar som hausa opp stemninga, blei bransjen no inspirert av eit spel som blei marknadsført med dramatiske scener sett til ein cover av Tears for Fears-låta Mad World.

Det er ikkje eit lite, trivielt spel som no kjem til PlayStation 5, det er ein bauta.

Folk med hjelm døyr, uskriven lov.

Øystein Furevik/Gamer.no

Men no då?

Gears of War: Reloaded er lett å feiltolke. Det er lett å gå i fella og tru vi får noko nytt her, men det gjer vi ikkje. Dette er ein pimpa versjon av ei ti år gammal grafisk overhalding av eit 19 år gammalt spel. Det er alt. Det er ingenting verkeleg nytt her, og det finn eg litt skuffande. Hadde Microsoft venta berre eitt år, kunne dei feira 20 år med Gears of War, og gjerne bygd opp heile spelet frå grunnen av, med dagens teknologi, og laga ein visuell maktdemonstrasjon.

Det får vi ikkje. I staden får vi det som for ti år sidan var svært pent, men sjølv Gears of War 4 og 5 har kvassare grafikk enn dette. Det blir difor litt vanskeleg å ikkje sitje igjen med ei kjensle av at dette produktet er tufta på ideen om minste motstands veg. Lat oss lage eit billeg produkt, få det ut, samle inn pengar, og kalle det ein dag.

Ein kan sjølvsagt forstå det, men når eit av dei viktigaste spela i heile Xbox-historia skal gjere noko så drastisk som å slutte å vere Xbox-eksklusivt, kunne det gjerne ha vore gjort med meir ståhei enn berre ein ganske ordinær port.

Det vi får er likevel eit solid produkt. Det er i praksis Gears of War: Ultimate Edition, men i 4 k, med 60 bilete i sekundet gjennom heile kampanjen, og 120 bilete i sekundet for fleirspelarmodusen. Vi ser forbetringar over heile fjøla, med betre lys og skugge, og all lasteskjermar i kampanjen er borte.

Det i seg sjølv er naturlegvis ei stor oppgradering for mange, og det er ein sann fryd å spele dette så silkemjukt som det no er. Vidare er det kjekt at spelet byr på full støtte for speling på tvers av plattformer. Skulle du sitje med fleire kopiar kan du ta framgangen din og bruke den på både Xbox, PC og PlayStation 5. At dette attpåtil er ei gratis oppdatering for dei som allereie eig Gears of War: Ultimate Edition er sjølvsagt eit pluss.

Jamt over får vi ei solid pakke, og det er mykje å smile for. Det er den mest komplette versjonen av spelet, med ein ekstra kampanjedel som ikkje var med i den originale Xbox 360-versjonen, ein haug fleirspelarkart, og diverse ting ein kan låse opp, er det mykje å kose seg med.

Motorsaga er herleg, men kunne godt ha vore litt meir presis.

Øystein Furevik/Gamer.no

Ein godbit med skavankar

Sjølv om Gears of War: Reloaded utan tvil er den beste versjonen av spelet, så framt du ikkje er ein purist som meiner sjela er borte, er det nokre unødige irritasjonar her.

Mest framtredande er manglande lyd. For eit spel med eit elles flott lydbilete, er det litt snodig at alle Marcus og Dom snakkar med over mikrofonane sine er stumme. Dei er nesten konsekvent heilt borte, og for å få med seg noko av det som blir sagt må ein lese underteksten.

Det burde ha vore fiksa, for det er eit så framtredande problem at nokon burde ha fått det med seg. Andre ting som kunne ha vore gjort noko med sit djupare. Det hadde ikkje skada om den kunstige intelligensen blei fiksa litt på. Din ven Dom kan vere veldig i vegen, og aldri gjere som han skal, noko som kan vere eit direkte hinder for din framgang. Døyr han er det game over, sjølv om det var han som stod i vegen for ein berserker utan å vise teikn til å forstå alvoret i situasjonen. Spelar du saman med nokon er dette sjølvsagt ikkje eit problem.

Utover det er Gears of War framleis eit vanvittig moro spel. Det byrjar å bli nokre år sidan eg spelte det sist, men hjelpe meg så lett det er å bli hekta. Kampanjen er stor underhaldning som dyttar deg vidare frå det eine intense scenarioet til det andre i eit nesten utmattande tempo. Å møte desse latterleg barske karane med biceps på storleik med basketballar igjen er eit herleg avbrekk. Det er eit gledeleg gjensyn, spesielt med tanke på dei uinteressante hovudpersonane The Coalition har bydd på i Gears of War 4 og 5.

Det er slik det skal gjerast, det er slik Gears of War skal vere, og om denne versjonen av spelet beviser noko som helst, er det at dette er ein formel som ikkje treng fornying.

Spelet trykker mange slik syn på deg.

Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Eit av dei viktigaste skytespela i spelhistoria tek no turen over til plattforma Microsoft lenge jobba hardt for å halde den unna. PlayStation 5-publikummet får eit fantastisk spel, som står seg godt, og er meir underhaldande enn det meste som har kome av konkurrentar i åra som har gått. Det byr på suveren skyting, ei god utfordring, og moro i endelause timar, om du så spelar aleine, saman med ein ven, eller vil delta i hissige fleirspelarkampar i eit mylder av sjangrar.

Eg skulle likevel ynskje Microsoft og utviklarane hos The Coalition hadde slått litt meir på stortromma. Spelet er 20 år neste år, eg eg vil tru mange hadde hatt stor glede av å sjå ei ny tolking i nyaste versjon av Unreal-motoren, i staden for å dra ei tidlegare restaurering ut av skapet.

Det, eller kanskje ei skikkeleg samlepakke der alle dei tre første spela var med. Microsoft kunne ha gjort mykje, men har valt å gjere lite. Det er synd, men det endrar likevel på at dette er eit fantastisk spel. Om du enno ikkje har spelt Gears of War, er det alvorleg talt på tide.

Gears of War: Reloaded er ute no for PlayStation 5 (testa), Xbox Series S/X og Windows.