Eit tak blåste av ein containar festa på ein lastebil på veg over Hagelsundbrua i halvfiretida torsdag ettermiddag.

Det skapte lange køar i begge retningar. Politiet dirigerte trafikken i medan entreprenør var på veg.

Den kraftige vinden vrengte taket over rekkverket og laga skader på rekkverket.

Lastebilen stoppa opp på Flatøy-sida av brua.

Taket ligg trekt over rekkverket på Hagelsundbrua.
Foto: Vegard Flatøy

Vinden skapte utfordringar for både politiet og entreprenør på staden.

Ifølge Yr er det liten kuling med vindkast på 22 m/s.

– Bilbergar er på veg, men står fast i trafikken. Det er ikkje nokon skade på personar, sa Steinar Haustvik ved politiet sin operasjonssentral.

Taket forsvann frå containeren på denne lastebilen, som vart ståande på Flatøy.
Foto: Tipsar

Taket frå ein lastebil ligg delvis over rekkverket på Hagelsundbrua. Politiet dirigerer på staden.
Foto: NH-tipsar

Klokka 15:45 var entreprenør på plass for å fjerne det deformerte taket og plukke opp restar på vegen.

Ved hjelp av kran vart taket plassert på planet og frakta vekk.

Klokka 15:55 melder NH sin reportar på staden at vegen er opna att og at trafikken går som normalt.

Her blir det forvrengte taket heist vekk.
Foto: Vegard Flatøy