– Me har ynskt oss noko slikt. Ein kjedebutikk, som er stabil og etablert, seier senterleiar Åge Torsvik.
Kleskjeda Only har kring 30 butikkar rundt om i Noreg. Dei vil no etablera seg i Nordhordland og planlegg å flytta inn i dei gamle lokala til Wagner med mål om opning i november, klar til julehandelen.
Før opning skal det gjerast fleire oppgraderingar av lokala ved hjørnet til Big bite.
– Det er ei veldig sentral og fin plassering, seier marknadskoordinator Anne Merete Solbakken.
Lokalet ligg vegg i vegg med klesbutikken Novalie.
Foto: Eva Neteland
Ombygging og flytting
– Bygginga er i gang og dette vert ein superfin butikk med eit stort lokale, meiner Torsvik.
Privatmegleren skal flytta litt innover i bygget og ha ny inngang der More Woman i si tid var, medan den nye klesbutikken kjem til å ta litt av meklarlokalet og få større fasade.
Det vert to inngangar til butikken, både frå sentertorget og ein frå gangen ved skobutikken. Til saman vert det kring 350 kvadrat.
Only har klede som appellerer til alt frå ungdomar til vaksne damer.
– Det er eit segment der me føler me manglar noko. Det har stått høgt på ønskelista vår og til kundane og. Eg trur dei vert veldig glade, fortel Torsvik.
Det skal gjerast ei stor ombygging og oppgradering av dagens lokale.
Foto: Eva Neteland
Fulle lokale
Med Burger King som held på å etablere seg i senteret i løpet av hausten – og no Only – er alle lokala på bakkeplan opptekne.
– Det er heilt fullt, ikkje ein kvadratmeter ledig butikklokale, seier Solbakken.
Senterleiar Torsvik seier at det naturlegvis vil vera litt sirkulasjon og utskiftingar i eit senter, men at det er kjekt å ha heilt fullt hus.
– Å vera heilt utseld er nydeleg. Det er ein draum for oss og for kundane. Og no har me to spennande opningar i haust!
Dei ser fram til hausten med både ny restaurant i senteret og ei ny kleskjede. Forhåpentlegvis vil det få endå fleire til å handla lokalt.
Foto: Eva Neteland
Les også
Dagleg leiar på plass
Les også
Tre månader etter opninga går det som det susar for Richard og Carmilly
Les også
Låge prisar gjer at folk kjem att: Sel av og til med underskot
Les meir om: artikkelemnene