Det er meldt om brann i ein einebustad i Sørbøvåg i Hyllestad kommune, melder Vest politidistrikt klokka 20.51 laurdag kveld.

Det var bebuar i huset som har meldt ifrå om brannen, ifølge politiet.

– Det er full fyr i bustaden, seier Børre Brekkvassmo i 110 Vest til Firda klokka 21.08.

Han fortel at einebustaden er står litt for seg sjølv og det skal ikkje vere fare for spreiing.

Brannvesenet har starta med utvendig sløkking, melder 110 Vest klokka 21.27.

Like før klokka 22.00 melder politiet at dei er framme på staden.

Brannen har spreidd seg til ein bubil, melder 110 Vest. Dei jobbar no med å avgrense meir spreiing.

Like før midnatt melder politiet at bustaden er å rekne som totalskadd, men brannvesenet har kontroll på brannen. Arbeidet med ettersløkking vil halde på ei god stund framover og politiet vil etterforske brannen.

Årsaka til brannen er ikkje kjend.