Klokka 14.17 vart politiet varsla om tre ungdommar som står fast i ein fjellskrent i Nordfjordeid i Stad.

Dei skal stå fast vest for Myrbærskaret.

Politiet meldte om hendinga klokka 14.53.

– Dei skal ha sklidd på snøen og sklidd ganske langt. Dei kjem seg verken opp eller ned, opplyser Knut Dahl-Michelsen, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Alle tre er vakne og medvitne.

Det er sendt redningshelikopter til staden, i tillegg er mannskap frå FORF sendt ut.

– Planen er å heise dei ut med bruk av helikopter, opplyser Dahl-Michelsen.

Klokka 15.59 melder politiet at redningshelikopteret har henta ned dei tre personane og ein hund.