Som innspelingsleiar på «Affeksjonsverdi», har Sunniva Sollied Møller frå Alta vore med på litt av eit eventyr

Filmen vann beste internasjonale film under Oscar-utdelinga. Det er første gong ein norsk spelefilm har vunne Oscar.

– Det kjennest heilt absurd ut, seier Sollied Møller.

Eit høgdepunkt i karrieren

– Eg trur ikkje eg skjønte kva eg gjekk til då eg begynte å jobbe på «Affeksjonsverdi».

Alta-jenta har vore med på fleire filmar og TV-seriar. Ho har mellom anna jobba for den største TV-serien i verda, «Game of Thrones».

Likevel: Å vere med å vinne ein Oscar, det er noko eige.

– Det var ei heilt merkeleg oppleving å vere der på filmutdelinga si høgborg. Det er definitivt noko av det villaste eg har vore med på, seier Sollied Møller.

Sunniva og andre som har vært med på filmen Affeksjonsverdi.

Sunniva Sollied Møller i kvit kjole, nummer to frå høgre.

Foto: PRIVAT

Ho er veldig glad for at ho fekk vere med til Los Angeles og utdelinga.

– Eg har fått barn, vore i mammapermisjon og gifta meg. Livet har følgt løpet til filmen. Heldigvis har eg ein raus og fleksibel mann som kunne vere med, så vi reiste alle tre. Eg kjenner meg ekstremt privilegert.

– Og korleis feirar ein eigentleg ein Oscar? Det må jo ha vore litt av ein fest?

– Eg har jo levd livet mitt ute på sett i regn og vêr og behagelege sko. Etter åtte timar på seremonien drog eg tilbake til hotellet for å ta ein ammepause med veslemann og byte til joggesko.

Deretter drog Sollied Møller på etterfesten til distribusjonsselskapet Neon.

– Joachim (red.anm. .: Trier) kom stormande inn med statuetten. Alle fekk halde han og ta bilde. Eg var også så heldig å få vere med på Vanity Fair-fest på slutten av kvelden.

Ho innrømmer at det var eit litt heftig program for ei sliten, nybakt mamma.

– Å vere ute til klokka to på natta i LA, det var tungt. Men eg kom heim og tenkte at det uansett kom til å vere verdt det.

ENDELIG OSCAR: Joachim Trier med statuetten for "Affeksjonsverdi".

Joachim Trier med statuetten for «Affeksjonsverdi».

Foto: Reuters

Sjefen på sett

– Sjølve opplevinga rundt innspelinga har vore heilt unik. Joachim har nok lenge hatt ein ambisjon om kor langt vi skulle nå med denne filmen, utan at eg har forstått det.

Sunniva Sollied Møller fortel vidare at det heile blei ei øving i å ta seg sjølv og yrkesvalet på alvor. På ein måte ho ikkje har gjort før.

Ho var ein av tre innspelingsleiarar på «Affeksjonsverdi».

– Det er første gong i karrieren min at eg har vore på sett samtidig med ein annan innspelingsleiar. Og det var heilt fantastisk. Som regel får ein ikkje den kunnskapsutvekslinga på sett.

Jobben består mellom anna av å planlegge heile innspelinga, forklarer Sollied Møller.

– Eg var den ansvarlege på sett som styrte, organiserte og delegerte. Kort sagt: sjefen på sett som fortel folk kva vi gjer og korleis vi går fram vidare.

Publisert

19.03.2026, kl. 12.28