Skisentera på Vestlandet slit med ein uvanleg dårleg marsmånad etter langvarig mildvêr og regn.

Laurdag er det tre-fire grader og opphaldsver på Kvamskogen, som er eit av dei største hytte- og utferdsområda i Vestland.

– Mars, som normalt har vore den beste månaden vår, har vore heilt elendig, seier dagleg leiar Fredrik Tønjum i Eikedalen skisenter.

Laurdag er skisenteret ope. Men sundag er det meldt store nedbørsmengder. Då stenger Eikedalen skisenter for besøkande. No krysser han fingrane for at nedbøren kjem som snø i veka fram mot palmehelga.

– Me har laga oss ein plan B til kva me kan klara å få til i påsken, men me me toler ikkje så mykje regn no, vedgår Tønjum.

For skisentera er vinterferien og påskeferien dei viktigaste vekene i året. Vinterferien starta lovande, men vêret snudde raskt.

– Halvparten av dagene i vinterferien var bra, så kom det tre dagar med regn. Sidan då har det vore veldig mildt, fortel leiaren, som no håpar på snø i fjellet slik at delar av anlegget kan haldast ope.

Langtidsvarselet gir håp om frost inn mot helga. I så fall har Tønjum planen klar.

– Då er det eit alternativ å pakka ut alle snøkanonene som står inne i garajsen og hiva dei i gang igjen.

Uansett utfall spår Tønjum at det går mot ein sesong under pari.

– Eg trur ikkje på noko super-påske, men det kan framleis verta greit.