– Det gjer faktisk vondt. Det gjer det.

Marit Lillian Bru ser bort mot bilen som snart ikkje er hennar lenger.

I fleire år har ho køyrt rundt med Céline Dion på anlegget, på panseret, på døra og i hekken.

For bilen er ein rullande hyllest til det kanadiske songikonet.

Signaturen til Dion i kvitt på panseret.
Foto: Vegard Flatøy

Det er nok mange som har sett køyretøyet ute på vegane i distriktet vårt.

Bru er den andre eigaren av Citroenen. Laila Johnsen frå Mjøndalen er den første. I 2017 parkerte Johnsen bilen utanfor hotellet til Dion i håp om at songaren ville møte henne og signere bilen.

Den første eigaren og skaparen av bilen, Laila Johnsen, møtte Celine Dion i Stockholm i 2017 og fekk henne til å signere bilen.
Foto: Kjersti Palm Reitan

Sjølv for Dion, som har opplevd det meste i løpet av karrieren, er det ikkje kvardags at nokon dediserer bilen sin til henne.

Difor stilte ho villig opp til ein prat og signerte både panseret og dashbordet.

Eitt ufråvikeleg krav

Då Johnsen skulle selje bilen, hadde ho eitt krav: Den måtte gå til ein Céline Dion-fan.

Og det er Bru i høgste grad. Når ho trykker på play, er det stemma til Dion som kjem ut, og eine dottera hennar, har fått namnet Celine.

– Musikken hennar er heilt spesiell. Den går rett i hjarterota, seier Bru.

– Eg har fått mykje merksemd i denne bilen. Ikkje at eg treng det, men det er no kjekt når folk blir glade.
Foto: Vegard Flatøy

Bilen har skapt mykje merksemd på vegen. Folk har smilt, gitt henne tommelen opp og byrja å synge «My Heart Will Go On».

Men i det siste har bilen stått heilt stille. Som det ofte er med gamle bilar, hoper problema seg opp og EU-kontrollen blir vanskeleg å forsere.

– Den blir rett og slett for dyr å fikse på ein verkstad.

Skjebnen til slike bilar ventar gjerne i Kjevikdalen. Men det var aldri eit alternativ for Bru.

– Det ville vore som å dumpe Céline Dion og det går jo ikkje.

Nytt liv

Håpet var at ein bilkyndig Dion-fan kunne ta over og fikse doningen. Og slik blir det no.

– Ein kollega av dottera mi er stor fan, i tillegg har ho ein mann som kan fikse bilar.

Bilen har stått i ro dei siste to åra. No får den ny eigar.
Foto: Vegard Flatøy

– Der blir vondt å kvitte seg med bilen, men no kjem eg i alle fall til å sjå den på vegane i Nordhordland igjen.