Åsmund Weltzien vann saman med Øyvind Hegg-Lunde og Mari Kvien Brunvoll i kategorien «Åpen Klasse» under utdelinga i Operaen i Oslo.

– Tusen hjarteleg takk. Veldig hyggjeleg, sa Weltzien frå scena sundag kveld.

– Me startar med å takka selskapet vårt, Hubro. Med Jade Hasselgård og Andreas Meland. Tusen takk, la han til.

Weltzien har vore busett på Voss dei siste 18 åra. Opphavleg er han frå Horten.

Åsmund Weltzien vann Spellemann med gruppa Building Instrument.

Den ferske Spellemann-vinnaren med prisen i hendene.
Foto: Privat

– Fin bursdagsgåve

Til Hordaland seier 43-åringen at det var uventa.

– Det var ei veldig kjekk, men noko uventa oppleving. Det er stort å få denne anerkjenninga etter at me har jobba saman som band i rundt 18 år, skriv han på tekstmelding på toget frå Oslo måndag ettermiddag.

– Eg er 44 år om tre dagar, så dette var jo ei fin bursdagsgåve, legg han til.

Weltzien er lærar på Voss ungdomsskule, i tillegg til å vera musikar. Hegg-Lunde og Brunvoll held begge til i Bergen og jobbar som musikarar.

Takka familie og støttespelarar

Trioen takka også støttespelarar og familie. frå scena under direktesendinga på NRK.

– Så vil me takka Jørgen Træen, han har miksa og mastra plata. Han er ein person som fortener ein pris i norsk musikkliv, i sitt eige namn, sa Øivind Hegg-Lunde.

– Me må også takka våre kjære familiar. Me elskar dykk, tusen takk, heldt Mari Kvien Brunvoll fram.

Musikken dei no vinn med var ei bestilling frå Ekko-festivalen i 2022.

– Balsam for sjela

I litt av grunngjevinga som vart lese opp då trioen gjekk opp på scena, vart det mellom anna sagt at dei tre har samarbeida i mange år.

Dette er den fjerde utgjevinga frå gruppa.

– Dette albumet vert beskrive som balsam for sjela med fengslande tekstar, vart mellom anna sagt om musikken.

Benedicte Maurseth var også nominert i same kategori.

Badnajazz 2025 Building Instrument & Paprikabandet i Ungdomshallen

Her er Mari og Åsmund under Badnajazzen i 2025.
Foto: Vidar Herre

I fjor var dei tre involverte i Badnajazzen på Voss. Les meir om det her:

Les også

Synneva (10) dirigerte Badnajazzen på krykker